Utanriksminister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utanriksminister er den i ei regjering som har ansvar for utanrikspolitikk. Ein utanriksminister er gjerne sjef for eit utanriksdepartement.

Utanriksministeren blir i offisielle samanhengar tiltala som Eksellense.

I Storbritannia har utanriksministeren tittelen Secretary of State for Foreign and Commonwealth Affairs eller på folkemunne Foreign Secretary. I USA er tittelen Secretary of State.

I Noreg er utanriksministeren som regel nummer to i regjeringa, og tar over som fungerande statsminister når statsministeren har fråvær. Unntak frå dette kan vere koalisjonsregjeringar der eitt eller fleire regjeringsmedlemmar frå andre parti enn statsministeren blir rangert framom utanriksministeren dersom denne er frå same parti som statsministeren.

Utanriksministeren er ved sidan av statsministeren den einaste i regjeringa som offisielt har tittel minister og ikkje har tittelen statsråd.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]