Utvikfjorden

Koordinatar: 61°50′27.323″N 6°9′30.686″E / 61.84092306°N 6.15852389°E / 61.84092306; 6.15852389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Utfjorden)

61°50′27.323″N 6°9′30.686″E / 61.84092306°N 6.15852389°E / 61.84092306; 6.15852389

Utvikfjorden
fjord
Utfjorden sett frå Ryssfjøra på sørsida mot Randabygda på nordsida. Panoramavegen er synleg i terrenget på nordsida av fjorden.
Foto: C. Hill (2009)
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stryn
Kart
Utvikfjorden
61°51′22″N 6°18′00″E / 61.856°N 6.3°E / 61.856; 6.3

Utvikfjorden eller Utfjorden er ein delfjord av Nordfjord i kommunane Gloppen, Stad og Stryn. Fjorden strekkjer seg 26 km austover til Utvik, som fjorden er kalla opp etter. Frå her held fjorden fram som Innvikfjorden.

Fjorden er ei fortsetjing av Hundvikfjorden i vest og har innløp mellom Anda og Lote, like aust for innløpet til Gloppefjorden, som går sørover. Frå Anda til Lote er det ferjesamband langs E39. Sandane lufthamn, Anda ligg på sørsida av fjorden, like søraust for Anda. Den ytst delen av fjorden følgjer kommunegrensa mellom Eid og Gloppen, men like etter Hennebygda på nordsida av fjorden går fjorden inn i Stryn. Litt aust for kommunegrensa ligg Randabygda på nordsida. Frå her og inn til grenda Fjelli går riksveg 613 langs fjorden i ei høgd på om lag 600 meter over fjorden.

På sørsida av fjorden ligg bruka Moldreim, Tishammar og Frøyset langs fylkesveg 5725.