Utrecht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utrecht
Flagget til Utrecht Byvåpenet til Utrecht
Flagget til Utrecht Byvåpenet til Utrecht


Plassering
Plassering av Utrecht
Plassering av Utrecht
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Utrecht
Grunnlagd 47 e.Kr.
Borgarmeister Aleid Wolfsen
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

99,32 km²
  95,67 km²
  3,64 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

288 535
  3 018/km²
Koordinatar 52°06′″N 5°7′″EKoordinatar: 52°06′″N 5°7′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.utrecht.nl

Utrecht er ein by i Nederland og administrasjonssete i provinsen Utrecht. Han ligg i nordaustenden av Randstad og er den fjerde største byen i landet med om lag 290 000 innbyggjarar. Storbyområdet rundt Utrecht har opp mot 820 000 innbyggjarar.[2]

Utrecht sitt gamle bysentrum har mange bygg og strukturar frå byen vart grunnlagd og framover. Han har vore det religiøse senteret i Nederland sidan 700-talet. I dag er han sete for erkebiskopen av Utrecht, den øvste nederlandske leiaren i den romersk-katolske kyrkja.[3] Utrecht er òg sentrum for den protestantiske kyrkja i Nederland.

Utrecht har det største universitetet i Nederland og fleire andre høgare utdanningsinstitusjonar. På grunn av den sentrale plasseringa i landet er han òg eit viktig trafikknutepunkt for både veg og jernbane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eldre historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne spor etter menneske rundt Utrecht frå bronsealderen, men byen vart grunnlagd som ein romersk festning (castellum), truleg i år 47 e.Kr. Det vart bygd ei rekkje slike festningar i området etter at keisar Claudius avgjorde at riket ikkje skulle utvidast lenger nord.[4] Grensa gjekk langs det som den gong var hovudgreina til Rhinen, som på denne tida rann lenger nord enn i dag. Namnet på festninga var berre Traiectum, som synte at ho låg ved ein vadestad over Rhinen. Seinare fekk han namnet Ultra Traiectum («festinga på den andre sida») for å skilje ho frå andre busetnader med same namn. Etter kvart vart dei to namna slått saman og utvikla seg til det noverande namnet.[5]

På 100-talet vart tremurane erstatta av steinmurar.[4] Det finst framleis restar av desse i dag rundt Dom-plassen.

Frå midten av 200-talet invaderte germanske stammer stadig dei nordlege romerske områda og rundt 275 reiste romarane frå Utrecht.[4] Utrecht vert først nemnd igjen på 600-taletfrankarane under Dagobert I bygde ei kyrkje her for St. Martin innanfor murane til den romerske festninga.[4] Under krigar med frisarar vart kyrkja øydelagd.

Senter for kristendom i Nederland[endre | endre wikiteksten]

Domtårnet, med restan av domkyrkja til venstre.

Frå midten av 600-talet reiste engelske og irske misjonærar for å konvertere frisarane. Paven utpeikte Willibrordus som erkebiskop over frisarane, og dette vert rekna som starten på erkebispedømet Utrecht.[4] I 723 gav den frankiske kongen festninga i Utrecht og det omliggande landet til biskopane, og frå den tid vart Utrecht ein av dei mektigaste maktsentera for den romersk-katolske kyrkja i Nederland.

Utrecht var først i konkurranse med handelsbyen Dorestad i nærleiken, men etter at Karl den store døydde og i kombinasjon med vikingtokt i området tok Utrecht over rolla som ein av dei viktigaste byane i Nederland.[6] At Utrecht var eit viktig senter for kristendomen kan ein sjå ved at Adriaan Florenszoon Boeyens frå Utrecht vart pave i 1522 (den siste ikkje-italienske paven før Johannes Paul II).

Då frankarane oppretta føydalismesystemet vart biskopane av Utrecht fyrstbiskopar.[4]

Byen Utrecht[endre | endre wikiteksten]

Sidan Utrecht låg ved breidda av Rhinen vart han ein viktig handelssenter i Nord-Nederland. Utrecht fekk byrettar i 1122. Då hovudgreina til Rhinen flytta seg til eit sørlegare løp, vart den gamle leia gjennom byen kanalisert og eit unikt kaisystem vart bygd i den indre hamna.[7] Lagerbygga (werfkelders) vart bygd slik at hovudgata, inkludert hus, vart lagt oppå lagerbygningane. I dei andre kanalbyane i Nederland ligg vassnivå og gateplanet i om lag same nivå.[8] Forholdet mellom biskopen, som kontrollerte store landområde utanfor byen, og innbyggjarane i Utrecht, var ikkje alltid godt.[4] Biskopen demde til dømes opp elva Lek ved Wijk bij Duurstede for å verne eigedomane sine mot flaum. Dette truga skipstrafikken til og frå byen og det vart bygd ein kanal, Vaartse Rijn, mellom Utrecht og Lek ved Nieuwegein.

Slutten på sjølvstendet[endre | endre wikiteksten]

I 1528 selde biskopen både byen og landområda rundt til Karl V av Det tysk-romerske riket, som vart herre over Dei sytten provinsane (noverande Benelux og nordlege delar av Frankrike). Denne overgangen var ikkje lett for byen som hadde fått eit visst sjølvstende og innbyggjarane ønskte ikkje å gje frå seg makta til den nye herren. Karl valde å byggje borga Vredenburg for å huse ein stor garnison som skulle halde orden i byen. Borga stod mindre enn 50 år før ho vart øydelagd i eit opprør under den nederlandske revolusjonen.

Dei sameinte Nederlanda (1579-1815)[endre | endre wikiteksten]

Ein kan framleis kjenne igjen mange trekk frå sentrum av Utrecht på dette kartet til Blaeu frå 1649

I 1579 signerte dei sju nordlege provinsane Utrechtunionen, der dei valde å gå i saman mot det spanske styret. Utrechtunionen vert rekna som starten på Dei sameinte Nederlanda. Innbyggjarane dreiv ut biskopane frå byen, og først i 1853 gjeninnførte den nederlandske regjeringa bispesetet.

Mangelen på strevebogar gjorde at den store domkyrkja i byen kollapsa då Utrecht vart råka av ein tornado i 1674.

Freden i Utrecht i 1713 avslutta den spanske arvefølgjekrigen. Det mest varige resultatet av denne avtalen var at Spania avstod Gibraltar til Storbritannia.

Moderne historie sidan 1815[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1800-talet vart rolla til Utrecht som festningsby utdatert. Dei gamle festningsverka til Nieuwe Hollandse Waterlinie vart flytta aust for Utrecht. Festningsvollane vart rivne ned slik at byen kunne vokse. Vollgravene vart ikkje rørt og danna ein viktig del av Zocher plantsoen, ein park forma som ein engelsk hage og er stort sett intakt i dag.

I 1843 opna jernbanesambandet mellom Utrecht og Amsterdam. Etter dette vart Utrecht det viktigaste knutepunktet i det nederlandske jernbanenettverket. Då den industrielle revolusjonen skaut fart i Nederland og festningsvollane vart rive ned, voks Utrecht frå 1880-åra etter kvart utanfor mellomalderbysentrumet og nye nabolag som Oudwijk, Wittevrouwen, Vogelenbuurt og Lombok i vest.

Under den andre verdskrigen vart Utrecht okkupert av tyskarane fram til den tyske generalen overgav Nederland den 5. mai 1945. Sidan verdskrigen har byen vokse stort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statline
  2. «Gemiddelde bevolking per regio naar leeftijd en geslacht / Gebieden in Nederland 2007». CBS statline. 2007. Henta 5. januar 2008. 
  3. «Aartsbisdom Utrecht». Henta 10. desember 2007. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 R.E. de Bruin, T.J. Hoekstra, A. Pietersma (1999). Twintig eeuwen Utrecht, korte geschiedenis van de stad (nederlandsk). Utrecht i Nederland: SPOU & Het Utrechts Archief. ISBN 90-5479-040-7. 
  5. «History of Utrecht». Henta 6. januar 2008. 
  6. Luit van der Tuuk; Ria van der Eerden (2005). «Denen in Dorestad». Jaarboek Oud Utrecht 2005 (på nederlandsk). Utrecht: SPOU. s. 5-40. ISBN 90-7108-244 Check |isbn= value: length (hjelp). 
  7. «De Utrechtse Werven (nederlands)». Gemeente Utecht. Henta 27. januar 2008. 
  8. «Historic wharf photos from the Utrecht City Archive». Utrecht City Archive. Henta 27. januar 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Utrecht