Utstein kloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utstein kloster
Utstein kloster. Etter ei omfattande restaurering har det fått den kvitkalka fasaden ein meiner var opphavleg.

Utstein kloster er eit tidlegare kloster, bygd i mellomalderen. Utstein kloster ligg på Klosterøy, den vestre delen av Mosterøy i Rennesøy kommune i Rogaland fylke. Mosterøy er ei av øyane i Ryfylke. Klosterlivet tok slutt i samband med reformasjonen i 1530-åra. Klosterbyggverka er i dag i bruk som museum, konferansesenter og overnattingsstad. Klosteret vert i dag eigd av stiftinga Utstein Kloster. Klosteret er det einaste klosteret frå før reformasjonen som finst att i Noreg, nokolunde heilskapleg som det stod i mellomalderen. Både kyrkja og nedre etasje av aust- og sørfløyen er i bruk. Klosteret ligg dominerande til, som eit lukka kompleks kring ein kvadratisk klostergard i eit ope landskap, og med vidt utsyn. Den eldste skriftlege kjelda der klosteret vert omtala, er frå 1286. På det meste budde det 20 - 30 munkar i klosteret med kring dobbelt så mange lekfolk som stod for gardstellet, husbygging og matlaging. Klosteret hadde store jordeiegedomar og kunne halda mat til kring 250 menneske årleg.

Kloster[endre | endre wikiteksten]

Utstein kloster vart oppretta ei gong i tidsrommet 12631280. Klosteret på Utstein er rekna som ei vidareføring av det eldre Olavsklosteret i Stavanger. Augustinarane fekk i regjeringstida til Magnus Lagabøte ta over den tidlegare kongsgarden på Mosterøy, som låg ved skipsleia. Augustinarane overtok Olavsklosteret sine eigedomar, og godset auka i tillegg etter kvart. Sankt Laurentius vart vald til vernehelgen for klosteret.

I 1539 vart klosteret storma av biskopen sine. Christoffer Rustung lét det brenna ned.

Kyrkje og herregard[endre | endre wikiteksten]

Etter reformasjonen kom klosteret på fleire hender. I 1537 fekk Trond Ivarsson klosteret som len. Han var forplikta til å ta vare på munkane, men klosterfolket forsvinn i denne tida ut av kjeldene. Erik Urne (1601 - 30) innreidde klosteret til soknekyrkje. Klosterbygga stod lenge tomme, og vedlikehaldet var dårleg. Familien Garmann overtok i 1706. Då Christopher Garmann flytta kom flyttande i 1750, vart bygga sett i stand og sterkt endra. Familien Scancke tok over klosteret i 1885. Koret i kyrkja vart overførd til staten i 1899. Kring 1900 vart kyrkjekoret og kyrkjetårnet restaurert. Fram til 1930-talet var klosterbygga våningshus. Restewb av bygga vart sett i stand mellom 1950-talet og 1960-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Utstein kloster

Litteratur[endre | endre wikiteksten]