Uttarakhand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uttarakhand
Geografisk plassering

Delstat i India

Hovudstad Dehradun
Flatevidd

 - Rangering i India

53 566 km²

18.

Folketal (2001)

 - Rangering i India
 - Folketettleik

8 479 562

19..
159/km²

Grunnlagd 9. november 2000
Offisielle språk hindi og sanskrit
(garhwali og kumaoni er utbreidde, men har ikkje offisiell status)</ref>
Guvernør
Øvste minister
Sudarshan Aggarwal
B. C. Khanduri
Nettstad ua.nic.in
{{{fotnotar}}}

Uttarakhand, fram til 2006 kalla Uttaranchal, er ein delstat nord i India. Han grensar til Nepal i aust og Tibet i nord og dei indiske delstatane Himachal Pradesh i vest og Uttar Pradesh i sør. Området blei skilt ut frå Uttar Pradesh i 2000.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Separatistrørsla i Uttarakhand hadde bakgrunn i motsetjingar mellom kastarrajputar og til ei viss grad brahminar dominerer dette området, medan lågare kastar hadde makta i Uttar Pradesh — og språk, der innbyggjarane i Uttarakhand hovudsakleg bruker garhwali og kumaoni, medan fleirtalsspråket i UP er hindi.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Uttarakhand er det tradisjonelle namnet for den indiske delen av Himalaya, og blei også brukt som namn på separatistrørlsa. Då delstaten blei skild ut frå Uttar Pradesh i november 2000 fekk han namnet Uttaranchal (sanskrit for 'nordfylke') i staden for Uttarakhand ('nordland') som separatistrørsla i området hadde kravd. I januar 2007 bytta delstaten namn til Uttarakhand.

Området har tilnamnet «Dev bhoomi» ('gudelandet') på grunn av dei mange hinduiske pilegrimsmåla som ligg her.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn mot Rishikesh over Ganga.
Foto: Roger roger

Delstaten ligg ved foten av Himalaya. Han har tre geografiske regionar: Høgfjellsområdet, høgplatået og slettelandet terai, det sistnemnde utgjer om lag 12 % av flatevidda. Dalane er tett busette, medan få bur i dei store fjellområda.

Høgfjellsområdet inneheld toppar som Nanda Devi, Kedarnath og Trishul, og isbrear som Gangotri og Pindari. Store elver i Uttarakhand er mellom anna Ganga og Jamuna.

Dei største byane er Dehradun (530 263 innb.) Haridwar (220 767), Haldwani (158 896) og Roorkee (115 278). Haridwar, Badurnath, Kedarnath og Rishikesh er viktige pilegrimsmål for hinduar, noko som også gjeld Gangotri og Yamunotri, kjeldene til Ganga og Jamuna. Valley of Flowers og Nanda Devi er nasjonalparkar og rekna som verdsarv av UNESCO.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Delstaten har to offisielle språk, hindi, som blir tala i byane, og sanskrit, som den einaste delstaten i India.[2] På landsbygda blir det tala garhwali i Garhwal-området og kumaoni i Kumaon.

Dei fleste innbyggjarane er hinduar eller buddhistar. Etter sjølvstendet i 1947 flytta fleire sikhar hit frå Punjab, medan nokre muslimske grupper har flytta hit seinare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. About us, uk.gov.in
  2. Anupam Trivedi, «Sanskrit is second official language in Uttarakhand», Hindustan Times (January 19, 2010), hindustantimes.com
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.