Uttran-sjøen

Koordinatar: 59°11′15″N 17°46′07″E / 59.18750°N 17.76861°E / 59.18750; 17.76861
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uttran
innsjø
Utterkalven mai 2011.
Land  Sverige
Utløp Tumbaån (til Tullingesjön)
Høgd over havet 17,4 moh.
Lengd 6,1 km
Breidd 1,1 km
Areal 2,46 km²
Middeldjupn 6,7–16,3 m
Volum 16,4 millionar m³
Kystlengd1 23,2 km
Kart
Uttran-sjøen
59°10′58″N 17°44′21″E / 59.182777777778°N 17.739166666667°E / 59.182777777778; 17.739166666667
Wikimedia Commons: Lake Uttran
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Uttran er ein innsjø som ligg på grensa mellom kommunane Botkyrka og Salem i landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen er særs avlang, og strekkjer seg frå Tumba/Uttran i aust, vidare like forbi Rönninge, til grensa mot Södertälje i vest. Innsjøen har namnet sitt fordi det tidlegare var oter (svensk utter) i innsjøen. Det er ikkje lengre oter i innsjøen, men det lever mink i den austlege delen av Uttran.

Ved nordbreidda ligg badestaden Möllebadet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utløpet kjem opphavleg frå innsjøane Flaten og Glasbergasjön. Innløpa frå Glasbergasjön ligg helt vest i Uttran, og utløpet til Tumbaån ligg i aust.

Det er fleire buområde i nærleiken av Uttran: Rönninge, Flaten og Uttran, der sistnemnde ligg ved sørvestbreidda. Busetnadane rundt innsjøen har ingen direkte påverknad på miljøet i innsjøen, og dei fleste bygningane i området tettest rundt innsjøen er fritidsbustader.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Uttran er særs næringsrik og overgjødsla, til dels på grunn av tilrenning frå Glasbergasjön, som er særs næringsrik, men òg på grunn av den vestlege litoralen, som ligg mot åkerlandskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

59°11′15″N 17°46′07″E / 59.18750°N 17.76861°E / 59.18750; 17.76861