Uttrykk frå latin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dette er ei liste over mykje brukte uttrykk frå latin.

Innhaldsliste

A[endre | endre wikiteksten]

Uttrykk Tyding (og ev. bruk)
a dato frå denne dag
ab eterno frå æve av
ab hinc herifrå, heretter
ab igne ignem av eld kjem eld
ab initio frå byrjinga
ab ovo frå egget, dvs. heilt frå den aller første byrjinga. Uttrykket stammar frå Horats.
abrupt brått, usamanhengande, avbrote
abstrus dunkel, vanskeleg å forstå
ab urbe condita etter at byen (Roma) vart grunnlagd
abusos non tollit usum misbruk utelukkar ikkje bruk
abusus misbruk; verditap ved bruk av ein gjenstand
acta dokument, handlingar.
acta sanctorum gjerningane åt dei heilage
actus purus rein handling/verksemd (brukt av Thomas Aquinas om den høgste stofflause forma, Gud)
ad preposisjon, tyder t.d. for, til, ved ...
ad absurdum til det absurde, brukt til dømes i ad absurdum-bevis
ad acta bortlagd (førebels), saka er lagd ad acta (bokstavleg: «til aktene»)
ad arma til våpen
ad bestias til dei ville dyra, domsformular frå romartida
ad experimentum som eit forsøk, mellombels
ad extremum til slutt
ad hoc til dette (føremålet), t.d. i ad hoc-løysing og ad hoc-organisasjon
ad infinitum i det uendelege
ad interim førebels, inntil vidare
ad lit(t)eram etter bokstaven, dvs. bokstavleg (tala), ordrett
ad maiorem Dei gloriam (AMDG) til den større Guds herlegdom, mottoet til Jesuittordenen
ad nauseam til det vemmelege el. kvalmande
ad notam merkje seg, leggje seg på minnet
ad perpetuam memoriam til evig minne
ad pias causas til gode (eig. fromme) føremål, til ei god sak
ad quadratum til kvadratet, arkitektonisk komposisjonssystem
ad referendum (saka) vert notert el. lagt føre (t.d. for ei overordna styresmakt)
ad rem som høyrer til saka, el. som utrop: til saka!
ad undas til bølgjene; gå ad undas, gå i vasken, vere mislukka
ad usum til bruk; ad usum proprium, til eige bruk
ad valorem etter verdien; ad valorem-toll, verditoll
adekvat (av adaequare) god nok
adolescens pubertet
anno domini i det herrens år, markerer årstal med tida etter Kristi fødsel

C[endre | endre wikiteksten]

Uttrykk Tyding (og ev. bruk)
calendarium perpetuum ævekalender
caveat emptor akt deg, kjøpar
caveat lector akt deg, lesar
culpa skuld, brukt m.a. i jus (jf. culpa-regelen)

E[endre | endre wikiteksten]

Uttrykk Tyding (og ev. bruk)
et alibi (et al.) og andre
exempli gratia (e.g.) for eksempel

I[endre | endre wikiteksten]

Uttrykk Tyding (og ev. bruk)
ibid(em) same plass, referansen rett over i ei referanseliste
idem det same, i like måte
id est (i.e.) det er, det tyder

O[endre | endre wikiteksten]

Uttrykk Tyding (og ev. bruk)
opera citado (op. cit.) sitert tidlegare, sitert tidlegare i ei referanseliste, men ikkje rett over

P[endre | endre wikiteksten]

Uttrykk Tyding (og ev. bruk)
perpetuum mobile ævemaskin (bokstavleg: «evig rørsle»)

Q[endre | endre wikiteksten]

Uttrykk Tyding (og ev. bruk)
qua som, i eigenskap av
qualis rex, talis grex som konge, så folk
quandoque bonus dormitat Homerus stundom søv også den gode Homerus, dvs. sjølv den beste kan ta feil
quantum satis (q.s.) stor nok mengd, brukt på legereseptar
qui pro quo ein (i staden) for ein (annan), dvs. forveksling, misforståing
qui vivra verra den som lever, får sjå
quid Saulus inter prophetas som Saulus blant profetane, dvs. ein som har hamna i feil selskap
quo vadis, Domine? kvar går du, Herre?
quod erat demonstrandum (Q.E.D.) som var det som skulle synast, Q.E.D. står ofte etter eit matematisk prov
quod licet Jovi, non licet bovi det som er tillate for Jupiter, er ikkje tillate for oksen, dvs. det ein kan godta frå ein viktig person, kan ein ikkje godta frå kven som helst

S[endre | endre wikiteksten]

Uttrykk Tyding (og ev. bruk)
status quo som no / inga endring (bokstavleg: «tilstanden som …»)
status quo ante bellum slik ting var før krigen

V[endre | endre wikiteksten]

Uttrykk Tyding (og ev. bruk)
veni, vidi, vici eg kom, eg såg, eg vann (sigra)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]