Utvidingskoeffisient

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utvidingskoeffisient er tilhøvet mellom dimensjonsauken til ein lekam og temperaturstigning.

Lengdeutvidingskoeffisienten, som vanlegvis har symbol a, er forholdet mellom den relative lengdeauken av ein lekam ved oppvarming og den tilsvarande temperaturauken. For dei fleste stoff er a i området 0 – 100 °C av storleiksorden 1/(100 000 °C) = 10–5 K–1.

Volumutvidingskoeffisient, som vanlegvis har symbol g, er forholdet mellom den relative volumauken av ein lekam ved oppvarming og den tilsvarande temperaturauken. Som regel reknar ein at g = 3a. Volumutvidingskoeffisienten for væsker, bortsett frå vatn, er av storleiksorden 10–3 K–1. Vatn er den einaste væska som i eit særskild område, 0 – 4 °C, har negativ utvidingskoeffisient. For dei fleste gassar er g ved konstant trykk særs nær 0,00367 K–1.

For å få nøyaktig utvidingskoeffisient må alltid fysiske forhold som trykk og temperatur vere med.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]