Uvac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uvac
Utspring Pešter-platået i Ninaja
Munning Lim nord for Priboj
Land i nedslagsfelt Serbia, Bosnia-Hercegovina
Lengd 119 km
Middelvassføring 18 m³/s
Nedslagsfelt 1 310 km²

Uvac (serbisk kyrillisk: Увац) er ei elv i sørvestlege delar av Serbia og Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina. Ho er 119 km lang og ei av dei største sideelvane til Lim. Før ho munnar ut i Lim utgjer dei siste 10 km grensa mellom Serbia og Bosnia-Hercegovina.

Uvac har sitt utspring på Pešter-platået i Ninajafjellet som Rasanska reka (Cyrillic: Расанска река). Ho møter Brnjička reka (kyrillisk: Брњичка река), og går inn i Sjenica-senkinga og vidare frå her som Vapa (kyrillisk: Вапа). Elva tek så imot den korte elva Uvac, som har sitt utspring i fjellet Ozren, og frå her har elva namnet Uvac.

I regionen Stari Vlah er det bygd tre vasskraftverk på elva, og kvar av desse har ein stor kunstig innsjø (opp til 7,3 km²). I den nedre delen av elva renn ho mellom fjella Zlatar og Zlatibor og når så den bosniske grensa. Uvac munnar ut i Lim nord for byen Priboj.

Uvac har eit nedslagsfelt på 1 310 km², og er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet. Ved munningen har ho ei middelvassføring på 18 m³/s.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Uvac frå Engelsk Wikipedia .