Uvdal stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°15′54.007″N 8°50′4.0020″E

Uvdal stavkyrkje
Uvdal stave church 2.jpg

Uvdal stavkyrkje (2005)

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Tunsberg
Prosti:  Kongsberg
Fellesråd:  Nore og Uvdal
Sokn:  Uvdal
Innvigd:  seint 1100-tal
Endringar:  Ombygd til krosskyrkje, 1723
Arkitektur
Periode: Mellomalderen
Teknikk:  Stavverk
Materiale:  Tre
Mål:  Skipet 6,3 m x 5,0 m
Portal:  Tre portalar, to i våpenhuset
Kyrkjerommet
Preikestol:  1656
Døypefont:  I tre, frå ca. 1200
Altartavle:  1656
Plassar:  170
Diverse:  Gotisk krusifiks frå 1200 over koropninga.
Museumskyrkje, ute av bruk sidan 1902.
Commons-logo.svg
Uvdal stavkyrkje på Commons

Uvdal stavkyrkje, eldre dansk namn Opdals kirke, er ei krosskyrkje av midtmasttypen, opphavleg bygd som ei eittskipa stavkyrkje, i Uvdal i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Det er vanleg å datera stavkyrkja til slutten av 1100-talet. Tømmer i konstruksjonen har blitt årringsdatert til 1168, og kyrkja må ha blitt bygd rett etter dette, då det ikkje var skikkeleg tørt då ho blei reist. Kyrkja har preg av mellomalder, med kraftige innslag av renessanse og rokokko.

Bygget har 170 sitjeplassar.

Tilkomst til staden er via fylkesveg 122 og fylkesveg 40.

Kyrkjebygget[endre | endre wikiteksten]

Interiøret.
Måleri 1909: Harriet Backer
Interiøret, mot alteret.
Foto: Frode Inge Helland
Interiøret, rosemåling.
Foto: Frode Inge Helland
Interiøret, rosemåling.
Foto: Frode Inge Helland

Tømmeret i kyrkja er årringdatert til 1168[1][2]. Ho må difor vera bygd i tida like etter dette. Dette veit ein fordi tømmeret ikkje var skikkeleg tørt då kyrkja blei reist. Ho er sidan ombygd og utvida fleire gonger.

Etter ei segn skal området ha vorte ubygd etter Svartedauden, og kyrkja blitt gjenoppdaga av ein jeger. Ein jerv hadde då busett seg i kyrkja, og jervefella skulle endå vera oppbevart i kyrkja. Liknande segner finst om Hedalen stavkyrkje og Tuft stavkyrkje.[3]

Ei arkeologisk gransking gjort i 1978/1979[4] under golva i skip, kor og sakristi avdekte spor etter minst eitt eldre bygg på staden, truleg ei eldre stolpekyrkje. I eit av stolpehola blei det gjort eit myntfunn som er datert til perioden like etter 1100. I skriftleg materiale er ho nemnt første gongen i 1327[5].

Kyrkjene på 1100-talet var små og blei difor gjerne utvida, både før og etter reformasjonen. Uvdal stavkyrkje fekk utvida skipet mot vest alt i mellomalderen, samstundes som apsiden blei fjerna og erstatta av ei rett avkutta forlenging av koret. Ei ekstra midtmast blei også tilført på denne tida. I 1684 blei også koret rive og eit nytt oppført i same breidd som skipet. I perioden 1721–1723 blei kyrkja utvida med krossarmar av stavverk, samstundes som det blei bygd ein ny takryttar over kryssingspuktet mellom skipet og krossarmane. Det lafta sakristiet på nordveggen av koret blei oppført i 1819.

Vestportalen er pryda av utskjeringar med bladrankar og drakesymbol. Dekoren omfattar også ein norsk versjon av segna om Orfevs - heltefiguren Gunnar som spelar harpe i ormegarden. I våpenhuset står det også ein portal med utskorne bladrankar av mellomaldertypen. Han kan opphavleg ha stått i korskiljet.

Eksteriør[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja fekk utvendig panel i 1760. Ny spon blei lagt på takryttar og dei vêrutsette takflatene i 2003, samstundes som resten av taket blei punktutbetra. Dei vêrutsette flatene var sist restaurerte i 1960.

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Stavane som flankar koropninga, og som har oppteke korveggene, er dekorerte med utskorne masker som truleg er opphavlege. Også den sekundære midtmasta har eit utskore kapitél med rankedekor. I 1624 blei det dessutan installert benker med utskorne vangar i skipet.

Kyrkja er omfattande dekorert innvendig, truleg utført i 1656 (i dei eldste delane av kyrkja) og under utvidinga i 1684. Tverrarmane blei truleg dekorerte med rokokko-ornament under utvidinga i 1721-1723.

Innvendig er delar av det mellomalderske bordgolvet bevart. Kyrkja har flat takhimling i dag, men det er usikkert om ho hadde det frå byrjinga av (men det er mogleg). Vestgalleriet i skipet, som truleg er oppført tidleg på 1600-talet, består av utskorne delar som kan stamma frå eit lektorium som det er funne spor etter framfor koropninga (jfr. Lektoriehimlingen i Torpo stavkyrkje. Utvidinga vestover i mellomalderen kan ha samanheng med oppføringa av lektoriet.

Også ein røft tilhoggen døypefont av tre (klebersteinskummen blei funne i delar under golvet i 1979), ei lita smijernslysekrone og øvste delen av eit seingotisk prosesjonskrusifiks, festa i koropninga, høyrer til mellomalderinteriøret til kyrkja. Eit røykjelsekar i bronse og eit alterkrusifiks av forgylt kopar og emalje frå kyrkja blir oppbevart i oldsakssamlinga i Oslo. Krusifikset er truleg gjort i Limoges i Frankrike; ein vakker kopi er utført av sølvsmeden Gro Kollandsrud.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjegarden og kyrkja var i dagleg bruk fram til 1893. Ho er no museumskyrkje og høyrer til Fortidsminneforeningen. Fotografering og videoopptak inne i kyrkja er forbode, men sist på 1990-talet fekk nettportalen Numedalsnett løyve av Fortidsminneforeningen til å gjera eitt enkelt interiøropptak med videokamera. Klippet er gjort tilgjengeleg på Youtube.

Tilkomst[endre | endre wikiteksten]

Uvdal stavkyrkje ligg eit stykke opp i den nordlege dalsida. Langs fylkesveg 40 gjennom Uvdal, ca. 6,5 kilometer vest for Rødberg, er det skilta opp mot stavkyrkja. Etter rundt ein kilometer oppover ligg stavkyrkja på høgre side.

Uvdal stavkyrkje må ikkje forvekslast med Uvdal kyrkje, som ligg i dalbotnen, rett ved fylkesveg 40. Ho er bygd i drakestil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 16. august 2010.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Riksantikvaren (Uvdal stavkirke)
  2. Sivilarkitekt, Dr. ing. J. H. Jensenius (Stavkirke.org)
  3. Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 410
  4. Arkeologiske utgravingar utført av Riksantikvaren ved sivilarkitektane Dr. ing. H. Christie og Dr. ing. J. H. Jensenius
  5. Ola Storsletten, En arv i tre, 2. opl. 1997, s. 108, ISBN 82-03-22006-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]