Uvs Nuur

Koordinatar: 50°18′N 92°42′E / 50.300°N 92.700°E / 50.300; 92.700
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uvs Nuur
innsjø
Land  Mongolia,  Russland
Innsjøtype Saltsjø
Tilsig Tesiin gol og andre
Høgd over havet 759 moh.
Lengd 84 km
Breidd 79 km
Areal 3 350 km²
Middeldjupn m
Koordinatar 50°18′N 92°42′E / 50.300°N 92.700°E / 50.300; 92.700
Byar Ulaangom
Kart
Uvs Nuur
50°18′N 92°42′E / 50.3°N 92.7°E / 50.3; 92.7
Wikimedia Commons: Uvs Nuur

Uvs Nuur eller Uvs (mongolsk Увс Нуур, Uvs Nuur; tuvinsk Успа-Холь, Uspa-Khol; russisk Убсу-Нур, Ubsu-Nur og Убса, Ubsa) er ein særs salt endorheisk innsjø i Mongolia med ein liten del i Russland. Han er den største innsjøen i Mongolia med eit areal på 3350 km² og ligg 759 meter over havet.[1] Den nordaustlege enden av innsjø ligg i republikken Tyva i Russland. Den største busetnaden ved innsjøen er Ulaangom. Denne grunne og særs salte innsjøen er restane av ein stor saltsjø som dekte eit mykje større område for fleire tusen år sidan.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Uvs Nuur har ei lengd på 84 km og er 79 km brei. I snitt er han 6 meter djup. Nedslagsfeltet er skild frå restane av Store sjøar-senkinga av Khan Khökhii-ryggen.

Av dei mange elvane som renn ut i innsjøen finn ein Baruntara Gol, Nariin Gol og Tesiin Gol frå Khangajfjella i aust og Kharkhiraa og Sangil Gol frå Altajfjella i vest.[2]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Det store endorheiske nedslagsfeltet fører til eit sært salt vatn på 18,8 ppt, som er fem gonger saltare enn sjøvatn. Dette kjem hovudsakleg av sulfat og natriumion.

Innsjøen frys til frå oktober til mai. Om sommaren varierer temperaturen frå 25 °C i overflata til 19 °C ved botn.[2]

Ein har tald 29 forskjellige fiskeartar i Uvs Nuur[3], ein av dei (Oreoleuciscus potanini)[4] høver seg som mat.

Verna område[endre | endre wikiteksten]

Heile innsjøen og fleire av områda rundt er erklært verna område. UNESCO nyttar nemninga «Uvs Nuur-stad» som eit fellesuttrykk som femnar om tolv forskjellige verna område, som representerer hovudbioma aust i Eurasia.[5]

Satellittbilete av Uvs-Nuur bassenget

Uvs Nuur-bekkenet[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Uvs Nuur-bekkenet.

Uvs Nuur er det lågaste området i Uvs Nuur-bekkenet som dekkjer eit område på 70 000 km² og er eit av dei best bevarte, naturlege steppelandskapa i Eurasia. Grensa mellom Mongolia og Russland går gjennom den nordlege delen av bekkenet. Her møter den nordlegaste ørkenen i verda den sørlegaste tundrasonen i verda..[6] Bortsett frå Uvs Nuur innneheld bekkenet fleire mindre innsjøar. Sidan desse ligg nord for andre store innsjøar i Sentral-Asia er dei viktige stoppestader for sjøfuglar på veg sørover eller nordover.

Uvs Nuur-bekkenet

Sidan bekkenet dekkjer den geoklimatiske grensa mellom Sibir og Sentral-Asia kan temperaturane variere frå −58 °C om vinteren til 47 °C om sommaren. Trass i det harde klimaet finst det 173 fugleartar og 41 forskjellige pattedyr, inkludert den globalt utryddingstrua snøleoparden, argalisau og asiatisk steinbukk. Folketettleiken her er låg. Mangelen på industri og at området stort sett har vore busett av nomadiske gjetarar gjer at landskapet og økosystemet stort sett er urørt.[7]

I 2003 vart Uvs Nuur-bekkenet innskrive på UNESCO si verdsarvliste.[8] Det vart nominert som eit av dei største intakte nedslagsfelta i Sentral-Asia med 40 000 arkeologiske stader frå historiske kjende nomadefolk som skytarar, tyrkarar og hunarar.[9] Dette er eit av dei største områda på verdsarvlista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Увс нуур». www.medeelel.mn. Henta 1. september 2008. 
  2. 2,0 2,1 Jon Davies. «Mongolia» (PDF). International Water Management Institute. Henta 1. september 2008. 
  3. Erdene-Ochir Badarch. «Uvs Nuur Basin; World Natural Heritage Site» (PDF). United Nations Institute for Training og Research. Henta 1. september 2008. 
  4. The Integrated Taxonomic Information System (ITIS)&Species 2000. «Catalogue of Life: 2007 Annual Checklist». The Integrated Taxonomic Information System (ITIS)&Species 2000. Henta 1. september 2008. 
  5. «World Heritage Protection Extended to Five Natural Sites». Environmental News Service. 2003. Arkivert frå originalen 16. februar 2012. Henta 1. september 2008. 
  6. «Ubsu-Nur Accepted into World Network of Biosphere Reserves». ISAR. Henta 1. september 2008. 
  7. «The Ubsunur Hollow». Greenpeace. Henta 1. september 2008. 
  8. «Uvs Nuur Basin». whc.unesco.org. Henta 1. september 2008. 
  9. «Russland's First World Heritage Site». Henta 1. september 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]