Uwe-Jens Mey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uwe-Jens Mey


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 13. desember 1963 (60 år)
Warszawa
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 500 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 1000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 500 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 500 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 1000 meter herrer

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i gull

Uwe-Jens Mey (fødd 13. desember 1963) er ein tysk tidlegare skeiseløpar som representerte Aust-Tyskland til 1990, deretter det samla Tyskland. Mey, som er fødd i Warszawa i Polen, vart olympisk meister på 500 meter både i 1988 og 1992.

Uwe-Jens Mey i 1986

Mey kom på åttandeplass på 500 meter under Vinter-OL 1984 i Sarajevo. I OL-sesongen 1988 vart han andremann etter Dan Jansen i sprint-VM i Milwaukee. Under vinterleikane i Calgary straks etterpå fall storfavoritt Jansen, medan Mey gjekk ein framfifrå 500 meter og sette ny verdsrekord med tida 36,45, ein rekord som gjaldt i fire år. På 1000-meteren tok han så sølvmedaljen bakom Nikolaj Guljajev frå Sovjetunionen.

Både under sprint-VM 1989 i Heerenveen og sprint-VM 1991 i Inzell vart Mey nummer to, i begge meisterskapane fann han sin overmann i Igor Zjelesovskij. Den 19. januar 1992 forbetra han sin eigen verdsrekord på 500 m med to hundredels sekund til 36,43 sekund. Under Vinter-OL 1992 i Albertville forsvarte Mey OL-tittelen på 500 m. Han la opp som skeiseløpar då OL-sesongen var over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]