Uwe Hohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uwe Hohn


Statsborgarskap Den tyske demokratiske republikken, Tyskland
Fødd 16. juli 1962 (61 år)
Neuruppin
Idrett friidrett
Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i gull, Stern der Völkerfreundschaft, Sportsman of the year

Uwe Hohn (fødd 16. juli 1962) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Neuruppin i Brandenburg, som tevla i spydkast for DDR. Han vart europameister i øvinga i 1982, den einaste internasjonale meisterskapen han deltok i. To år seinare vart han den fyrste som kasta spydet over 100 meter. Hohn er 198 cm høg, og hadde i tevlingsvekt på 116 kg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hohn var 20 år gammal då han under EM 1982 i Athen vann gullmedaljen med eit kast på 91,34 m. Han gjekk til topp i ei tevling med fleire sterke prestasjonar, der Heino Puuste frå Sovjetunionen tok sølv med 89,56 m og Hohn sin landsmann Detlef Michel fekk bronse med 89,32 m.

Under eit stemne på Friedrich Ludwig Jahn Stadion i Aust-Berlin den 20. juli 1984 vart Hohn den fyrste spydkastaren som nådde over 100 meter med spydet sitt. Rekordkastet målte heile 104,80 meter. Han deltok ikkje i sommar-OL det året, då DDR boikotta leikane i Los Angeles.

Etter rekordkastet endra det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) regelverket, mellom anna for at friidrettsarenaene var for små til å tole så lange kast. Nye spyd der tyngdepunktet var flytta fram kom i bruk og vart godkjende. Endringa førte til kortare kast og auka sjansen for at spydet landa med spissen i bakken, mange flate nedslag hadde vore eit stort problem for nøyaktig måling av det enkelte kastet, og det var til og med eit spørsmål om det i det heile skulle godkjennast.

Hohn vart austtysk meister i spydkast i 1984 og 1985. Han la opp i 1986, etter å ha vore plaga av skader og ein mislykka operasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]