Uzi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uzi med utstyr

Uzi (hebraisk עוזי) er ein israelsk serie maskinpistolar. Det første våpenet i serien vart utvikla av Uziel Gal seint på 1940-talet. Uziar har vorte produserte av Israeli Military Industries, FN Herstal og andre.

Våpenet vart utvikla like etter Den arabisk-israelske krigen i 1948. Konstruksjonen var basert på den tsjekkiske CZ Model 25. Den israelske hæren testa Uzi og han vart godkjend framfor andre meir konvensjonelle våpen. Gal ville ikkje at våpenet skulle kallast opp etter han, men dette vart det ikkje teke omsyn til.

Den første modellen kom i 1951, og vart bruka i kamp for første gong i 1956. Våpenet vart òg ein kommersiell suksess, og ei rekkje forbetringer vart raskt introduserte.

Uzi vart først og fremst bruka til sjølvforsvar av styrkar som ikkje var direkte i frontlinja, pluss offiserar, artilleristar og pansertroppar. Meir kompakte variantar vart bruka av israelske spesialstyrkar inntil nyleg, men i desember 2003 erklærte det israelske forsvaret at dei kom til å fase ut våpenet. Produksjonen kom likevel til å halde fram for kommersielle føremål.

Over 90 land har bruka våpenet i politi- eller militærstyrkar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipediaen, art. med namnet Uzi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Uzi