Väinö Linna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Väinö Linna

Vaino Linna på tur i Florida i 1963
Statsborgarskap Finland
Fødd 20. desember 1920
Urjala
Død

21. april 1992 (71 år)
Pikonlinna

Yrke skribent, prosaforfatter
Språk finsk
Väinö Linna på Commons

Väinö Valtteri Linna (20. desember 192021. april 1992) var ein finsk forfattar fødd i Urjala.[1]

Väinö Linna er fremst kjend for romanen En ukjent soldat,[2] som kom ut som Tuntematon Sotilas i 1954. Romanen skildrar finske framhaldskrigen (frå 1941 til 1944) frå synsvinkelen til ei gruppe frontsoldatar.

1959-62 gav Linna ut sitt andre storverk, ein trilogi innehaldande titlane Högt bland Saarijärvis moar, Upp trälar och Söner av ett folk. Denne serien skildrar småbrukarane sitt liv i Finland frå slutten på 1800-talet til midten på 1900-talet gjennom slekta Koskelas lagnad. For dette vart Linna tildelt Nordisk råds litteraturpris i 1963.

Det er vanskeleg å overvurdere verknadene av Ukjent soldat og Saarijärvi-triologien på det finske etterkrigssamfunnet. Etter borgarkrigen var det finske folket eit splitta folk, og vinterkrigen påverka det finske samfunnet i tiåra etterpå. Linna klarte som ingen annan å setje ord på opplevingane det finske folket hadde gått gjennom, kanskje særleg for dei som elles ikkje kom til orde i det finske samfunnet.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliogafi[endre | endre wikiteksten]

  • Päämäärä, 1947 ('Mål')
  • Musta rakkaus, 1948 ('Svart kjærleik')
  • Messias, 1949-53, ikkje utgjeve
  • Tuntematon sotilas, 1954. Omsett til norsk som Ukjent soldat (1956)
  • Täällä Pohjantähden alla, 1-3, 1959-1962 ('Høgt under Nordstjerna'). Omsett til norsk som Høyt mot nord, Opprør og Sønner av et folk (1960-63).
  • Oheisia, 1967
  • Murroksia, 1990 ('Brytningar')
  • Kootut teokset I-VI, 2000 ('Samla verk')
  • Sotaromaani, 2000 ('Krigsroman')

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Väinö Linna», Biografiskt lexikon för Finland, henta 28. februar 2016 
  2. Sirpa Kähkönen. «Krigslitteratur: Krigens påvirkning går så langt. Derfor må vi fortsette å skrive om den. Hemmelige minner». 2018-04-28. Klassekampen. S. 7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

.