Väinö Tanner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Väinö Tanner
Väinö Alfred Tanner
none  Väinö Tanner ca 1940.
Väinö Tanner ca 1940.
Fødd 12. mars 1881
Helsingfors, Storfyrstedømet Finland,
Flag of Russia.svg Russland Det russiske imperiet
Død 19. april 1966 (85 år)
Helsingfors,
Flag of Finland.svg Finland
Parti Finlands sosialdemokratiske parti
Yrke Politikar
1. verv Finlands 16. statsminister
 - periode 13. desember 1926
17. desember 1927
2. verv Formann i det sosialdemokratiske partiet
 - periode 19181926
19571963
3. verv Finlands utanriksminister
 - periode 19391940
5. verv Finlands forsyningsminister
 - periode 1940
6. verv Finlands handelsminister
 - periode 19411942
Ektefelle Linda Anttila[1]

Väinö Alfred Tanner[2] (fødd 12. mars 1881 i Helsingfors, død 19. april 1966)[3] var ein finsk sosialdemokratisk politikar (SDP). Han var Finlands 16. statsminister frå 1926 til 1927. Tanner vert rekna som ein av dei fremste politikarane i Finlands historie, og spela ei avgjerande rolle i oppbygginga av det sosialdemokratiske partiet etter borgarkrigen i Finland i 1918.[1][2][3] Tanner deltok ikkje sjølv i borgarkrigen, men er velkjend for sin kamp mot kommunistane og seinare mot Sovjetunionen under andre verdskrigen, då han sat med fleire ministerpostar.[2][3][4]

Tanner var utanriksminister frå 1939 til 1940, då Vinterkrigen vart utkjempa mellom Finland og Sovjetunionen. Etter den finske framhaldskrigen vart Tanner i 1946 dømt til 5 1/2 års fengsel for lovbrot mot freden.[2][4][5] Han vart gjeven nåde i 1948. Fram til han døydde i 1966 var deltok han mindre i den daglege politikken, men gav aldri opp den ideologiske striden mot kommunismen.[1]

Tanner var statsminister i den første regjeringa i finsk historie som var utgått frå venstresida. Han var staminister eller statsråd i sju ulike regjeringar.[1] Etter åra i fengsel vende han tilbake til politikken på 1950-talet, og fekk viktige leiarverv i det sosialdemokratiske partiet.[1]

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Tanner voks opp i Helsingfors, der far hans arbeidde ved jarnbanen. Sjølv utdanna han seg i bedriftsøkonomi.[1] Frå i 1904 var Tanner ein aktiv medlem i det politiske partiet SDP. I 1907vart Tanner vald inn i det finske parlamentet.[4]

Før, og under, borgarkrigen var Tanner mot eit samarbeid med det finske kommunistpartiet, eit parti som fekk økonomisk støtte frå den russiske sovjetrepublikken. For å kunne ha politisk innverknad gjekk han i dialog med, og samarbeidde ofte med kommunistane.[1] Dei «kvite», tyskstøtta partigruppene i Finland fekk inga politisk støtte frå SDP. Tanner såg på revolusjonen som ein trussel for demokratiske ordningar.[1] Etter borgarkrigen vart han partileiar, og fekk i oppgåve å samle partiet til kamp mot ein sterk, «kvit» majoritet. Tanner streid hardt for ei konstitusjonalistiske line.[1]

Tanner les ei kunngjering over radio ca. 1940.

Fram til 1926 sat ikkje SDP i regjeringsposisjon i nokon av dei 13 koalisjonsregjeringane, men Tanner klarte å halde posisjonen sin i parlamentet.[6] Før han vart statsminister fekk han fleire viktige verv. Mellom anna vart han i 1917 leiar for hovudorganisasjonen for samvirkelaga (Kulutusosuuskuntien Keskusliitto). Etter februarrevolusjonen i Russland medlem i den sosialistiske majoriteten i regjeringa danna av Oskari Tokoi.[1] Under leiing av Juho Kusti Paasikivi spela Tanner ei viktig rolle under forhandlingane om fredsavtala mellom Sovjet-Russland og Finland i 1920, ein avtale som avgjorde grensespørmsåla mellom dei to landa.

Regjeringsposisjon[endre | endre wikiteksten]

I 1926 fekk SDP sitt gjennombrot og tok regjeringsmakta åleine, noko som var uvanleg i eit Finland som på den tida var prega av svake og ustabile koalisjonsregjeringar. Tanners regjering sat med makta i nokså nøyaktig eitt år; frå desember 1926 til desember 1927.

Motstandskamp med SDP[endre | endre wikiteksten]

Den finske delegasjonen til Moskva før utbrotet av vinterkrigen. Tanner, på ein togstasjon, føre i biletet.[7]

I 1939 drog ein delegasjon til Moskva.[7]

Under den finske framhaldskrigen fekk Finland avgjerande støtte frå Nazi-Tyskland, noko Tanner godtok. Storbritannia, som hadde gått i allianse med Sovjetunionen mot Tyskland, åtvara finnane mot å krige mot russarane. Tanner kalla likevel tyskarane for «venene sine», og som skulle hjelpe dei å gjenvinne «europeisk kultur».[8]

Fengselsopphald[endre | endre wikiteksten]

Fleire finske politikarar vart dømde til fengsel av det sovjetet-vennlege leiinga etter andre verdskrig. Frå venstre: Henrik Ramsay, Tyko Reinikka, Antti Kukkonen, Edwin Linkomies, J.W. Rangell, Risto Ryti, Väinö Tanner og T.M. Kivimäki

Saman med fleire andre finske politikarar vart Tanner i 1946 dømd for «krigsansvar» og lovbrot mot freden av den sovjetisk-styrde leiinga. Retten hevda at Tanner var delvis skuld i krigen grunna lojaliteten til SDP og den «urikkande haldninga» hans mot sovjetisk innverknad.[4] Tanner vart opphavleg dømt til fem år og seks månader i fengsel for krigsbrotsverk, men vart benåda i 1948. Då han kom ut sa han at han måtte vere den beste levande reklamen for finske fengsel, sidan han la på seg og gjekk ned i tobakksforbruk.[5] Då han vart sett fri vart han av den raude pressa samanlikna med Pierre Laval og Vidkun Quisling.[2][5] Begge desse vart avretta for høgforræderi mot sine respektive heimland. Under opphaldet i fengselet skreiv han memoarbøkene Finlands väg 1939–1940 og Finlands väg til fred 1943–1944, begge utgjevne på 50-talet.[5][2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Finlands väg 1939–1940 (1950)
  • Finlands väg til fred 1943–1944 (1952)

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Jaakko Paavolainen (omsetjing: Roderick Fletcher). Tanner, Väinö (1881 - 1966) (engelsk).
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Helge Giverholt. Väinö Alfred Tanner (norsk).
  3. 3,0 3,1 3,2 Vaino Tanner (engelsk).
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Jaakko Paavola. Tanner, Väinö (1881 - 1966) (finsk).
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 FINLAND: Political Paavo (engelsk).
  6. Ossmo Jussila, Seppo Hentilä, Jukka Nevakivi (1998) Finlands politiska historia 1809-1998 – Schildts, Esbo.
  7. 7,0 7,1 Väkijoukko saatteli neuvottelijat Moskovaan (finsk).
  8. FINLAND: Tangle and Tanner (engelsk).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Väinö Tanner


Mal:Finlands statsministrar

Kjelde[endre | endre wikiteksten]