Vänern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vänern
Vänern - frå Hjortens Udde
frå Hjortens Udde
Vänern - Kart over innsjøen og området rundt
Kart over innsjøen og området rundt
Koordinatar 58°55′N 13°30′EKoordinatar: 58°55′N 13°30′E
Tilsig Klarälven
Utsig Göta älv
Tilknytte land Sverige
Overflateareal 5 650 km²
Middeldjupne 27 m
Største djupne 106 m
Vassvolum 153 km³
Høgd over havet 44 m
Øyar Brommö, Djurö, Fågelö, Hammarö, Kållandsö, Lurö

Vänern er den største innsjøen i Sverige med eit areal på 5 650 kvadratkilometer og eit volum på 153 km³. I Europa er det han tredje største innsjøen etter Ladoga og Onega, og den 29. største i verda. Vänern ligg mellom landskapa Västergötland, Dalsland og Värmland.

Han ligg 44 meter over havet. Vänern er 106 meter på det djupaste medan gjennomsnittsdjupna er 27 meter. Innsjøen vert delt inn i to basseng: Värmlandssjön og Dalbosjön. Vatnet strøymer ut i Kattegat gjennom Göta älv. Vänern vert fylt på av fleire elvar: i nord av Klarälven, som heiter Trysilelva på norsk side og frå sør av vassdraga Tidan og Lidan.

Bakgrunnen til namnet Vänern er ikkje heilt klar. I kjelder frå 1100-talet vart innsjøen kalla Vænir, noko som anten svarer til det von, noko ein voner skal skje, eller til ordet ven, vakker.

Følgjande byar ligg langs Vänern: Vänersborg, Lidköping, Mariestad, Kristinehamn, Karlstad, Säffle og Åmål.

Vänern er ein del av Göta kanal og er knytt med Nordsjøen/Skagerrak ved Göteborg gjennom Göta älv på den sørvestlege sida, og med innsjøen Vättern ved Karlsborg via Göta kanal.

Lurö skjergard, som ligg sør for Värmlandsnäs, er den største ferskvanns-skjergarden i Europa.

Vänern er særs fiskerik, med 35 ulike fiskeartar, og eigen laksestamme.

Byar kring Vänern[endre | endre wikiteksten]