Vågå kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vågå kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0515
Fylke Oppland
Adm.senter Vågåmo
Areal 1 349 km²
Folkemengd 3 716 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-2011) Rune Øygard (Ap)
Målform Nynorsk
Nettstad www.vaga.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0515.svg
Vågå kommune på Commons
Vågåmo sett frå vest
Jotunheimen
Årestue frå Vågå, no på Maihaugen på Lillehammer

Vågå kommune er ein kommune i Ottadalen i Oppland fylke. Han grensar til Lesja i nord, Dovre og Sel i aust, Nord-Fron i søraust, Vang i sør og til Lom i vest.

Kommunen ligg omkring det nedre dalføret av Ottaelva, mellom kommunane Sel og Lom. I sør høyrer den øvre delen av Sjodalen som ikkje er busett til Vågå. Dei fleste innbyggjarane bur i Vågåmo, Lalm og Tessand. Av andre bygder i kommunen kan nemnast Nordherad, Skogbygda og Skårvangen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vågå omfattar store delar av Jotunheimen, med mellom anna Besseggen, Gjendevatnet og Knutsholstindane som ligg innanfor kommunegrensene. Meir enn tre firedelar av arealet i kommunen ligg høgre enn 900 moh. På nordsida av Otta går fjella opp i 1500–1600 moh. på grensa mot Dovre og Lesja, og i Jotunheimen er fleire toppar over 2000 moh. Høgst av dei er Store Knutsholstinden (2341 moh.) og Tjørnholstind (2331 moh.) på sørsida av Gjende, nær grensa mot Vang. Den austlege delen av Jotunheimen nasjonalpark ligg i den sørlege delen av kommunen.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 15 (Otta–Måløy) følgjer hovuddalen og går på sørsida av Vågåvatnet. Frå denne tar fylkesveg 51 av ved Tessand sørover til Fagernes gjennom Sjodalen og over Valdresflye. I fjellet er det fleire vegar. Det går mellom anna veg opp til Televerkets sendar på Blåhø (1617 moh.) nordaust for Vågåmo og frå Randsverk opp Veodalen til Glitterheim turisthytte.

Verdt å vitja[endre | endre wikiteksten]

Kjende vagværar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]