Vågsøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vågsøy kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Måløy
Areal 177 km²
 - land 171 km²
 - vatn km²
Målform nynorsk
Ordførar Kristin Maurstad (Ap)
Kommunenr. 1439
Kart
Vågsøy
61°55′16″N 5°11′37″E / 61.921111111111°N 5.1936111111111°E / 61.921111111111; 5.1936111111111
Wikimedia Commons: Vågsøy
Nettstad: www.vagsoy.kommune.no

Vågsøy er ein tidlegare norsk kommune som låg nordvest i Nordfjord i Sogn og Fjordane fylke, sør for Stad. I 2020 vart han slått saman med Flora kommune til nye Kinn kommune. Vågsøy er òg namnet på den største øya i kommunen. Kommunesenteret er Måløy, som fekk bystatus i 1997 saman med bygdene Degnepoll og Holvik. Kommunen grensar til Bremanger i sør, Vanylven og Eid i aust og Selje i nord.

Måløy

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Byen Måløy ligg ved Ulvesundet, og byen og øya er knytte til fastlandet med Måløybrua på 1224 meter over til Degnepoll. Etter 5 mil langs Riksveg 5 og Riksveg 15 til Nordfjordeid følgjer vegsambandet sør og nordover Europaveg 39 medan Riksveg 15 fortset austover om Stryn og møter Europaveg 6 ved Otta.

Hurtigruta går innom Måløy fast. Det er snøggbåtsamband nordover til Selje og sørover til Florø og Bergen.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringane er fiskeri, fiskeoppdrett og skipsverft. Det er meir enn 1 000 arbeidsplassar i fiskerinæringa på sjø og land, og her er eit av dei mest moderne fiskeindustrianlegga i Noreg. Kommunen er den største fiskerikommunen i landet når det gjeld landa kvantum i året (350 000 tonn (2002)). Målt i fyrstehandsverdi er han nr. 3 (etter Ålesund og Tromsø).

Kommunen i dag[endre | endre wikiteksten]

Då formannskapslovene vart innførte i 1837 var Vågsøy og Selje ein kommune. Selje var både kyrkjestad og administrasjonssenter.

I 1900 vart Vågsøy skilt ut som eige kyrkjesokn og i 1910 vart òg kommunegrensene lagde om. Det vart oppretta to nye kommunar: Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy. Måløy vart administrasjonssenter for Sør-Vågsøy, Raudeberg i Nord-Vågsøy.

I 1965 vart dei to kommunane slått saman, kommunegrensene vart justerte noko og Måløy vart felles administrasjonssenter.

Bygdene Sørpoll, Osmundsvåg og Silda i nord er no ein del av Vågsøy. I sør er øyane Husevågøy og Gangsøy i Fåfjorden lagde til kommunen. I aust vart Bryggja og Maurstad delar av Vågsøy då Davik kommune vart nedlagt.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Store hendingar[endre | endre wikiteksten]

Måløy var hovudhamn for Tall Ships’ Race i 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]