Våpenkvilen i Ratisbon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Våpenkvilen i Ratisbon eller våpenkvilen i Regensburg enda gjenforeiningskrigen mellom Spania og Frankrike. Avtalen vart signert den 15. august 1684 i det dominikanske klosteret i Ratisbon i Bayern mellom Ludvig XIV av Frankrike på den eine sida og den tysk-romerske keisaren Leopold I, og den spanske kong Karl II, på den andre. Den endelege avtalen gjorde at kong Ludvig fekk Strasbourg, Luxembourg by og andre krav, medan Courtrai og Diksmuide, begge i dag i Belgia, vart gjevne attende til Spania. Avtalen skulle garantere ein våpenkvile dei neste tjue åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]