Vår Frelsers gravlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå den sørlege seksjonen av gravlunden
Foto: Chris Nyborg

Vår Frelsers gravlund er ein gravlund i bydel St. Hanshaugen i Oslo sentrum. Mange kjende nordmenn er gravlagde der, dels i ein egen æreslund og dels i andre seksjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det gamle kapellet, no Vår Frelsers ortodokse kirke
Foto: Chris Nyborg

Gravlunden vart teken i bruk sommaren 1808. Den fyrste som vart gravlagd der var Anna Lange Thulesius, enke etter ein prest i Den norske kyrkja. I 1864 kom kapellet på plass. Det har vorte forandra ei rekkje gonger. Ettersom det er svært få nye gravferder på gravlunden har det vorte overdregen til den ortodokse kyrkjelyden heilage Olga, som har konsekrert den som Vår Frelsers ortodokse kirke.

I 1903 vart gravlunden teken i bruk som æresgravlund. Den fyrste som vart lagt der var målaren Hans Gude. Nokre få år etter, i 1911 var gravlunden full, og det vart berre oppretta nye gravstader der festet hadde gått ut. I 1952 slutta ein heilt å opprette nye graver, men det var framleis mogleg å bruke familiegraver der det var plass. I seinare år har ein slutta å ta imot kistegravfreder på grunn av at leirgrunnen er lite eigna for slike, og det er dermed berre mogleg med urnenedsetjingar. Frå og med 2006 var det moleg å få oppretta nye gravstader for urner. Den siste grava som vart oppretta i æresgravlunden er Borghild Hammerich si frå 1981, og planen er at det ikkje skal kome til nye, men at den skal takast vare på som eit kulturhistorisk minne.

Ein del av gravene vart endra på 1950-talet ved at ein fjerna steinråmer for å gjere vedlikehaldet enklare. Ein finn likevel ein rekkje monumentale gravminne der, mange av dei familiegraver som har vore brukt i fleire generasjonar. Over 4500 av gravminna er verdige til å verte tekne vare på, og vert difor ikkje fjerna sjølv om festetida går ut. Det er ikkje tillate å erstatte nokre av gravminna, inkludert dei som i seg sjølv ikkje er verdige til å takast vare på, med moderne monument, ettersom ein ynskjer å ta vare på særpreget for heile gravlunden.

Den katolske kyrkja har hatt ei nær tilknyting til gravlunden, ettersom den ligg rett ved sidan av det tidlegare katolske sjukehuset Vår Frues hospital og svært nær Oslo katolske bispedøme sine kontor, bustader og domkirke. Det er ein eigna gravstad for katolske prestar, og eit område for St. Josephssystrene. Ingen av desse har vore brukte etter at ein slutta å tillate kistegravferder.

På den austre delen av gravlunden står eit lite klokketårn. I motsetnad til det mange trur har dette aldri vorte brukt ved gravferder; det vart brukt til å ringe ved byrjinga og slutten av arbeidstida i den perioden då det var mange tilsette som stelte gravlunden.

Personar som kviler på Vår Frelsers gravlund[endre | endre wikiteksten]

Lista nedanfor er eit utval kjende personar som er gravlagde på Vår Frelsers gravlund. Det er ikkje meint å vere ei uttømmande liste over dei mange tusen som er gravlagde der gjennom tidene.

I æreslunden[endre | endre wikiteksten]

Familiegrava til Henrik Ibsen.
Foto: Hedning
Rikard Nordraak si grav.
Foto: Dagny

Den vestre delen[endre | endre wikiteksten]

Den sørlege delen[endre | endre wikiteksten]

Gina Krog si grav
Foto: Chris Nyborg
Ivar Aasen si grav.
Foto: Chris Nyborg

Den austre delen[endre | endre wikiteksten]

Familiegrava til Camilla Collett og Peter Jonas Collett.
Foto: Chris Nyborg
Henrik Wergeland si grav. Gravminnet er ei gåve frå europeiske jødar og vart avduka 17. juni 1849.
Foto: Chris Nyborg

Den nordre delen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vår Frelsers gravlund