Vår frue
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vår Frue)
Vår frue er ei nemning om Jomfru Maria som særleg blir nytta innan katolisismen. Ein finn nemninga i namn på mellom anna kyrkjer og skular på fleire ulike språk, til dømes Vår Frue på norsk, Vor Frue på dansk, Notre Dame på fransk, Nuestra Señora på spansk og Our Lady på engelsk. På italiensk er det vanleg å bruka nemninga Madonna, 'mi frue'. På tysk bruker ein ofte berre «frue», som i Frauenkirche.
«Vår Frue-messe» eller «vårfru'mess'» er ei eldre nemning på Maria bodskapsdag, som tidlegare alltid vart feira 25. mars.
[endre] Oversyn over Vår frue-kyrkjer
[endre] I Noreg
[endre] I Danmark
- Vor Frue Kirke i København
- Vor Frue Lirke i Odense
- Vor Frue Kirke i Kalundborg
- Vor Frue Kirke ved Roskilde
- Vor Frue Kirke i Svendborg
- Vor Frue Kirke i Århus
Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

