Vår Gud han er så fast ei borg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Handskriven note signert Martin Luther

Vår Gud han er så fast ei borg (Ein feste burg ist unser Gott) er ein salme av Martin Luther, skriven på 1520-talet etter salme 46.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Salmen er skriven medan striden rundt reformasjonen raste som hardast. Under ein riksdag i Speier våren 1529 var det vedteke eit opprop mot reformasjonen. Ei gruppe evangeliske fyrstar nekta å slutte seg til dette oppropet, og etter denne protesten vart dei kalla protestantar. Under denne striden fekk Luther trykt denne sin kanskje mest kjende salme, i samlinga Form vnd ordnung Gäystlicher Gesang vnd Psalmen (1529). Salmen må ha vorte skriven ein gong på 1520-talet.

Salmen er skriven som ei fri gjendikting av Salme 46 i Det gamle testamentet. Ved at Jesus Kristus vert trekt inn i andre verset, er salmen nytestamentleg. Dette er den mest kjende av alle salmane til Luther, og kanskje den mest kjende av alle salmane som vert brukte i dei lutherske kyrkjene. Det er sagt at Martin Luther under reformasjonsstriden song salmen kvar morgon for ope vindauga.

Salmen i norske salmebøker[endre | endre wikiteksten]

Salmen i Lindemans Coral-Melodier for Psalmodicon (1862), med tekst frå Evangelisk-christelig Psalmebog

Salmen vart omsett til dansk og trykt i ei salmebok i 1533. Salmen var nokre endringar med i Thomissøns salmebok, Kingos salmebok og Guldbergs salmebok. I omarbeidd redaksjon kom salmen med i Evangelisk-christelig Psalmebog. I ny omsetjing kom salmen med i Christianiatillægget, Landstads kirkesalmebog og Landstads reviderte salmebok. Han vart omsett til nynorsk av Elias Blix og trykt i den fyrste samlinga han gav ut med Nokre Salmar (1869) og i Nynorsk salmebok. I Norsk salmebok (1985) finst han både på bokmål og nynorsk som nr 295 og 296. Salmen er òg trykt i den katolske salmeboka Lov Herren (2000), her som nr 303.

Både Kingo, Guldberg, Landstad og nynorsk salmebok plasserer salmen til fyrste sundag i fasta. Blix plasserer han under overskrifta Tru og tillit, i Norsk salmebok er han plassert under kapitlet Guds omsut.

Det har fleire gonger stått strid om den tekstlege redaksjonen. Under arbeidet med Evangelisk-christelig Psalmebog, som var prega av ideala i opplysningstida, vart det votering om lina «Djævelen vor gamle Fiende», og djevelen vart utstemt ved simpelt fleirtal. Inn kom formuleringa «Vor Fiende, Syndens lyst / Sig reiser i vort Bryst». I eit seinare tillegg kom salmen inn i ei ny omsetjing, då var djevelen med i form av ein slange: «Den gamle Slange nu / Er os så gram i Hu».

Sisteverset har etter Luther «Nemen sie den leib, / gut, er, kind und weib», som hos Kingo vart «Tage de bort vort Liv, / Gods, Ære, Børn og Viv». Evangelisk-christelig skreiv her «Thi miste vi end her, / Alt hvad os kjærest er». Blix følgde Landstad og skreiv «Og taka dei vaart Liv, / Gods, Æra, Born og Viv». I Norsk salmebok vart desse linene gjort kjønnsnøytrale: «Og om vårt liv de tar, / og røver alt vi har» i bokmålsversjonen, «Og tek dei enn vårt liv, oss bort frå heimen riv» på nynorsk. I Norsk salmebok er dette truleg den tekstmoderniseringa som har møtt mest kritikk.[1] Andre nye salmebøker har valt å omsetje med ein ordlyd nærare den tyske originalen.

Melodien[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege melodien, som òg er av Martin Luther, er like gammal som salmen. I komposisjonen har Luther nytta vendingar frå førreformatorisk, gregoriansk altersong. I Tyskland vert melodien sungen i to former, den opphavlege og i ei nyare form. I Noreg nyttar vi oftast den nyare melodivarianten.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

1. vers etter Martin Luther
(utg. 1856)


Ein feste Burg ist unser Gott,
Ein gute Wehr und Waffen.
Er hilft uns frei aus aller Not,
die uns izt hat betroffen.
Der alt böse Feind
mit Ernst ers izt meint
gross Macht und viel List,
sein grausam Rüstung ist,
auf Erd ist nicht seins gleichen.

Dansk omsetjing av 1. vers
etter Malmö-salmeboka 1533


Wor Gud han er saa sterck en borg,
han er vor skiold og værie,
han hjelper aff all nød oc sorg,
der oss vil her besnærge,
dieffuelen wor gamble fiende
han wil oss offuerwinde,
stor mact oc argelist
bruger han mod oss vist,
paa jorden er ey hans lige.

1. vers etter Nokre Salmar,
Elias Blix, 1883.


Vaar Gud han er so fast ei Borg.
Han er vaar Skjold og Verja.
Han hjelper oss i all den Sorg,
Som Hjartat her vil herja.
Vaar gamle Fiend gram
Med Aalvor no fer fram.
Stor Magt og Lygn og List,
Det er hans Vaapen visst.
Paa Jord ei ei hans Jamning.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Hans Hedemark med orgel. Spela inn i Kristiania seint i 1906. Gjeven ut på dei akustiske 78-platane Gramophone 2-82529, Gramophone 2-282549, Gramophone X 145 og Victor 69453B
  • Operasongar Erik Jansson med orgel. Spela inn i Kristiania i november 1919. Gjeven ut på den akustiske 78-plata Beka 78055.[2]
  • Dagny Constanse Knutsen, Mezzo Sopran med orgel. Spela inn i Berlin i 1928. Gjeven ut på 78-plata Brunswcik 7681.

Bruk og inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Salmen har inspirert Bach-kantaten Ein feste Burg ist unser Gott.

Songen vart bruka blant hugenottane under forfølgingane i åra 1560-72. Han er òg bruka under militær strid: Før Slaget ved Breitenfeld i 1631 let den svenske kong Gustav Adolf heile hæren stemme i denne luthersalmen, og etter å ha sigra, skal han ha takka Gud med orda «Han wan seegher och äro» (sistelina i andre verset).

Ei line i fjerdeverset, slik vi finn det i Landstads reviderte salmebok, har gjeve namn til Per Hanssons roman om familien Morset (1963), Og tok de enn vårt liv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Høringsbrev til «Reform av Kirkens gudstjenesteliv», Eide forlag 2008
  2. Operasanger Erik Jansson med orgel: Vaar Gud, han er saa fast en borg (Beka 78055, akustisk 78-plate)