Vårfluger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vårfluger
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Overorden: Amphiesmenoptera
Orden: Vårfluger Trichoptera
Kirby, 1813

Vårfluger (Trichoptera) er ei orden insekt i nær slekt med sommarfuglane. Dei liknar små møll, men skil seg frå desse ved å ha vengjene dekt med fine små hår. Larvane deira lever oftast i ferskvatn i små hus dei byggjer av rusk og rask dei finn på botnen.

Det finst 7 100 beskrivne vårflugeartar i verda, 192 av dei er registrerte i Noreg.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Vaksne vårfluger liknar små møll, men har membranøse (i staden for skjellute) vengjer og er dessutan dekt med små hår. Det er to av desse vengjene, og dei ligg over ryggen som eit tak når dyret sit stille. Mandiblane er små eller fråverande, medan antennene derimot er særs lange - ofte lenger enn sjølve kroppen. Beina er òg lange og tynne.

Mellom trekka som er viktige i klassifisering innanfor vårflugene kan reknast «vortene» på mellomkroppen og tornane/sporene på gangbeina.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Vårflugene har fullstendig forvandling, det vil seie at dei går gjennom eit puppestadium mellom larve- og vaksenstadiet. Dei er i stor grad knytt til ferskvatn, der larvane lever. Desse byggjer hjå mange artar små sylindriske hus av sandkorn, trestykke og andre materiale, som dei limer saman med silke dei skil ut or underleppa (labium). Dei husbyggjande artane lever stort sett av daudt plante- eller dyremateriale.

Andre larvetypar er frittlevande eller spinn fastsitjande net dei gøymer seg i når dei ikkje er ute og jaktar eller beiter. Det finst òg fastsitjande artar som lever av å filtrera or vatnet. Livssyklusen tek i Noreg som regel mellom 10 månadar og 2 år å gjennomføra, frå egga vert lagt til dei vaksne insekta legg egg sjølv.

Døme på larvehus

Nokre vårflugeartar legg egga sine i vassoverflata, medan andre dykkar i vatnet eller legg dei slik at dei lett kan falla i det. Ofte ligg dei i store geleklumpar som svulmar opp når dei vert tilsett vatn. Dei nyklekte insekta lever mesteparten av livet sitt som larvar; når dei vert vaksne vil dei ikkje leva lenger enn mellom to-tre døger og ein dryg månad.

Så godt som alt opptak av næring vert gjort som larvar. Vaksne vårfluger har reduserte munndelar og tek berre unnataksvis til seg føde. Når dei unge dyra har ete nok, forpuppar dei seg - frittlevande artar spinn då ei kokong, medan dei husbyggjande trekkjer seg inn i husa sine. Når puppen er ferdig utvikla bit han seg ut med dei kraftige kjevane sine og sym inn til land kor han klatrar opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]