Vårjamdøgn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vårjamndøger)
Korleis sollyset treffer jorda på vårjamdøgn (og haustjamdøgn).

Vårjamdøgn eller vårjamdøger er saman med haustjamdøgn dei døgna då natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter vårjamdøgn vert dagane lengre og nettene kortare på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert byrjinga på våren. Skjeringspunktet mellom solbanen (ekliptikken) og himmelekvator vert kalla vårjamndøgnspunktet eller vêrpunktet.

Vårjamdøgn kjem rundt 21. mars. Oftast fell vårjamdøgn på 21. mars som vert kalla det offisielle vårjamdøgn. Første påskedag er den første sundagen etter fullmånen som kjem etter 21. mars.

Dato og tidspunkt for solkverv og jamdøgn (UTC)
år vårjamdøgn
mars
sommarsolkverv
juni
haustjamdøgn
september
vintersolkverv
desember
dag tid dag tid dag tid dag tid
2002 20 19:16 21 13:24 23 04:55 22 01:14
2003 21 01:00 21 19:10 23 10:47 22 07:04
2004 20 06:49 21 00:57 22 16:30 21 12:42
2005 20 12:33 21 06:46 22 22:23 21 18:35
2006 20 18:26 21 12:26 23 04:03 22 00:22
2007 21 00:07 21 18:06 23 09:51 22 06:08
2008 20 05:48 20 23:59 22 15:44 21 12:04
2009 20 11:44 21 05:45 22 21:18 21 17:47
2010 20 17:32 21 11:28 23 03:09 21 23:38
2011 20 23:21 21 17:16 23 09:04 22 05:30
2012 20 05:14 20 23:09 22 14:49 21 11:11
2013 20 11:02 21 05:04 22 20:44 21 17:11
2014 20 16:57 21 10:51 23 02:29 21 23:03
2015 20 22:41 21 16:37 23 08:20 22 04:49

I fleire kulturar feirar ein nyttår eller vårhøgtider ved vårjamdøgn. Nauroz (persisk nyttår) blir feira på denne dagen. I delar av Aust-Europa feirar ein våren ved å brenna eller drukna dokker av Marzanna, ei gammal slavisk gudinne. Fleire nyheidenske feiringar finn stad, som den germanske høgtida ostara. Maria bodskapsdag, som vanlegvis fell på 25. mars, har òg tradisjonelt vore ein nyttårsdag i Europa. På dei britiske øyane var dette ein av «quarter days», dagar då leige skulle betalast, tenestefolk kunne hyrast og skuleterminar starta.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]