Vårkål
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Vårkål | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Familie: | Ranunculaceae | |
| Slekt: | Ranunculus | |
| Art: | R. ficaria | |
| Vitskapleg namn | ||
| Ranunculus ficaria | ||
Vårkål (Ranunculus ficaria) er ein vårblome i soleiefamilien. Planten har gule blome med mange kronblad, som viser seg i mars-april i Noreg. Blada er heile. Dette skil planten frå dei andre artane i soleiefamilien.
Namnet vårkål kjem frå tidlegare tider, då planten blei brukt som grønsak om våren. Dei mørkegrøne blada inneheld mykje C-vitamin, og var eit viktig kosttilskot på ei tid då ein lett mangla dette. I store mengdar er derimot vårkål giftig.
Planten veks i heile Europa og Vest-Asia, og er blitt introdusert til Nord-Amerika.