Værnes haldeplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Værnes haldeplass
Værnes Railway Station.jpg
Stasjonsområdet
Stad Trondheim lufthamn, Værnes
Kommune Stjørdal
Fylke Nord-Trøndelag
Koordinatar 63°27′13,8″N 10°54′50,9″EKoordinatar: 63°27′13,8″N 10°54′50,9″E
Distanse 33,0 km frå Trondheim stasjon
Høgd 5 moh.
Opna 1994
Linjer og rutedrift
Linje(r) Nordlandsbanen
Operatørar NSB og NSB Lokaltog
Plassering
Værnes haldeplass is located in Nord-Trøndelag

Værnes haldeplass er ein jernbanehaldeplass på Nordlandsbanen. Haldeplassen ligg ved Trondheim lufthamn, Værnes, 33 kilometer frå Trondheim stasjon. Nabostasjonane er Hell i sør og Stjørdal i nord.

Haldeplassen vart opna i 1994 for å betre sambandet mellom fly og tog. Den ligg på vestsida av flyterminalen, er direkte kopla mot denne, og har ein gangavstand på om lag 200 meter til flyplassen. Nordover går jernbanelinja i tunnel under hovudrullebanen. I tillegg til NSB sine lokaltog stanser òg regiontoga på Nordlandsbanen ved Værnes haldeplass.

Utbygging[endre | endre wikiteksten]

Værnes har inntil vidare eitt spor, det vestlege, men det er planlagt eit spor på austsida av plattforma. Dette bli planlagt bygd i den nye sporplanen som skal utarbeidast mellom Hell stasjon og Stjørdal stasjon. Dette skjer i samband med bygging av ny bru over Stjørdalselva. Prosjektet har fått dei første løyvingane over statsbudsjettet i 2013.[1] I tillegg er det planlagt elektrifisering av strekninga Trondheim - Steinkjer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Førre stasjon   Jernbaneverket.svg Jernbaneverket   Neste stasjon
Nordlandsbanen
Regionaltrafikk
26 Lerkendal - Trondheim S - Steinkjer
Fjerntrafikk
71 Bodø - Trondheim S

Referansar[endre | endre wikiteksten]