Vólos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vólos
Lokalt namn: Βόλος
Hamnepromenaden i Vólos
Hamnepromenaden i Vólos
Geografi
2011 Dimos Volou.png
Stad Thessalía
Koordinatar 39°22′N 22°56′EKoordinatar: 39°22′N 22°56′E
Areal 387,1 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Thessalía
Magnisía
Hovudsete Vólos (86 046 innb.)
Demografi
Folketal 144 449 (2011)
Folketettleik 374,6 /km²

Vólos (gresk Βόλος, osmansk Golos) er ein by og ein kommune i periferieininga Magnisía i Thessalía i Hellas. Han ligg 326 km nord for Aten og 215 km sør for Thessaloníki. Han er hovudstad i Magnisía.

Vólos ligg innerst i Pagastikósbukta ved foten av fjellet Pílio (landet til kentaurane). Vólos er den einaste hamna i Thessalía, det største jordbruksområdet i landet. Han har i dag om lag 85 000 innbyggjarar og er eit viktig industrisenter, medan hamna er ei knutepunkt mellom Europa, Midtausten og Asia. Vólos er den tredje største hamna i Hellas og har mykje trafikk til dei nærliggande øyane i øygruppa Dei nordlege Sporadane, som inkluderer Skiáthos, Skópelos og Alónnisos. I tillegg er det samband til Límnos, Lésvos, Khíos og Skýros.

Vólos er den nyaste av dei greske hamnebyane med mange moderne bygningar som vart reist etter dei katastrofale jordskjelva i 1955. Økonomien er basert på produksjon, handel, tenester og turisme. Her ligg Thessalía universitet, eit av dei viktigaste i landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Den moderne Vólos er bygd i eit område der dei antikke byane Demetrias, Pagasae og Iolkós låg. Demetrias vart grunnlagd av Demetrios Poliorketes, konge av Makedonia Iolkós var heimstaden til helten Jason, som gjekk om bord på skipet Argo i lag med argonautane og segla på leit etter Det gyldne skinnet til Kolkhis. Vest for Vólos ligg steinalderbusetnaden Dimini med ruinane av ein akropolis, veggar og to kuppelgraver frå 4000-1200 fvt. Her ligg óg Sesklo med restane av den eldste akropolisen i Hellas (6000 fvt.), i tillegg til grunnmuren av eit palass og herregardar.

Austromersk tid[endre | endre wikiteksten]

I følgje austromerske historikarar var Vólos på 1300-talet kalla Golos. Ein mykje akseptert teori for dette namnet er at Vólos kjem av det mykenske namnet på byen, Iolkós, som er vorte forvrengd gjennom tidene til Golkos, så Golos og til slutt Vólos. Andre hevdar at det kom frå Folos, som i følgje mytologien var ein rik godseigar i området.

Den moderne Vólos[endre | endre wikiteksten]

Vólos er ein relativt ny by som byrja å vekse på midten av 1800-talet. Etter han vart annektert av Hellas frå Det osmanske riket i 1881 hadde han berre 4 900 innbyggjarar, men voks raskt dei neste 40 åra. Kjøpmenn, forretningsmenn, handverkarar og seglarar flytta til Vólos frå dei omliggande områda. I 1920-åra kom det mange flyktningar til Vólos, særleg frå Jonia, men óg frå Pontos, Kappadokia og Aust-Thráki. I 1920 hadde Vólos 30 046 innbyggjarar, men i 1928 hadde talet vokse til 47 892.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kart over kommunaleiningane i kommunen Vólos. ██ 1 - Vólos ██ 2 - Néa Ankhíalos ██ 3 - Iolkós ██ 4 - Portariá ██ 5 - Agriá ██ 6 - Artémida ██ 7 - Esonía ██ 8 - Néa Ionía ██ 9 - Makrinítsa

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei ni tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Den tidlegare kommunen Vólos, no kommunaleininga Vólos

Personar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]