V2-ordstilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I syntaks tyder V2-ordstilling ei avgrensing av plasseringa av det finitte verbet i ei setning i visse samanhengar. V2-regelen krev at dette verbet skal opptre som andre ledd i ei deklarativ hovudsetning, medan fyrste plass skal vere oppteken av ein annan konstituent som fungerer som tema i frasen.

V2-ordstilling førekjem særleg ofte i germanske språk. Nordgermanske språk og jiddisk har V2-stilling ogso i bisetningar, medan fastlandske vestgermanske språk droppar ho og har VF-stilling (verbet til slutt). I engelsk er V2-stillinga stort sett tapt, men leivningane hennar opptrer i visse grammatikaliserte og stilistiske samanhengar.