VG HD

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

VG HD er ein norsk fjernsynskanal som starta sendingane sine 8. november 2014.[1][2] Fjernsynskanalen er ått av den norske tabloidavisa Verdens Gang.[3] VG er berre tilgjengeleg for Canal Digital-kundar, og om lag ein million nordmenn har dimed høve til å sjå på kanalen.[4] Kort tid etter oppstarten kjøpte VG HD reklameplass på TVNorge og TVNorge HD og vart 23. november 2014 fyrst med å levere direktesendt reklame på norsk fjernsyn.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I dag ser du VG på TV». teknofil.no. 8. november 2014. Henta 8. november 2014. 
  2. «Endringer i kanallisten». Canal Digital. Henta 9. januar 2015. 
  3. «Her er VGs nye skjermtroll». Verdens Gang. 8. november 2014. Henta 8. november 2014. 
  4. «VG med ny TV-kanal». Canal Digital. 2. juli 2014. Henta 8. november 2014. 
  5. «VG først i Norge med direkte TV-reklame». Kreativt Forum. Henta 9. januar 2015.