VM i fotball 1958

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Verdsmeisterskapen i fotball 1958 vart avvikla i Sverige i tida 8. til 29. juni 1958. Brasil vart verdsmeister etter å ha slått Sverige 5-2 i finalen. Just Fontaine skåra 13 mål i turneringa og sette ein målrekord som ingen har makta overgå. Meisterskapen vart det store gjennombrotet for Pelé.

Turneringsformatet var endra frå 1954. Framleis deltok 16 land, fordelt på fire innleiingsgrupper, men no skulle alle laga i gruppa spele mot kvarandre, utan ekstraomganger ved uavgjort resultat. Dersom to lag enda med like mange poeng, skulle det spelast omkampar for å avgjere kva lag som skulle gå vidare til kvartfinalane.

I Gruppe D vart det spelt omkamp mellom Sovjetunionen og England, og Anatolij Iljins mål i det 67. minutt sikra kvartfinaleplass for Sovjetunionen. Det måtte også spelast omkampar i gruppe A, der Nord-Irland slo Tsjekkoslovakia, og i gruppe C, Wales vann over Ungarn og gjekk vidare.

Sveriges Kurt Hamrin (7) utfordrar målvakta Gylmar dos Santos Neves under VM-finalen 29. juni

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart spelt på Råsunda stadion i bydelen Solna. 50 000 tilskodarar var vitne til at Sverige tok leiinga etter fire minuttar. Brasil kom snøgt tilbake, og Vava skåra to mål før pausa. I andre omgang var Pelé den store spelaren med to mål for Brasil. Sluttresultatet vart 5-2 til Brasil, som for fyrste gong kunne løfte Jules Rimet-pokalen.

Brasil sitt vinnarlag bestod av: Gylmar dos Santos Neves, Djalma Santos, Orlando Peçanha, Hilderaldo Bellini, Nílton Santos, Zito, Didi, Garrincha, Vavá, Pelé og Mario Zagallo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]