Verdsmeisterskapen i sjakk 1910 (Lasker-Janowski)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Emanuel Lasker møtte David Janowski i den andre verdsmeisterskapen i sjakk i 1910. Tvikampen blei spela mellom 8. november og 8. desember 1910 i Berlin.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lasker og Janowski spelte to vennskapskampar i 1909, der den første enda uavgjort (+2 -2) og den andre blei vunnen av Lasker med (+7 =2 -1). Denne lengste kampen i 1909 har ofte blitt kalla for ein verdsmeisterkamp,[1] men ifølgje Edward Winter var det ikkje ein tittelkamp.[2]

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Den av partane som først vann åtte parti, ville bli verdsmeister. Lasker forsvarte tittelen, heilt overlegent, med 8 sigrar, tre remisar og ingen tap.


Verdsmeisterskapen 1910
Nasjon 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 Sigrar
Emanuel Lasker  Det tyske riket 1 = = 1 1 = 1 1 1 1 1 8
David Janowski  Frankrike 0 = = 0 0 = 0 0 0 0 0 0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. til dømes: From Morphy to Fischer, Israel Horowitz, Batsford 1973, s. 64; The Centenary Match - Kasparov-Karpov III, Raymond Keene og David Goodman, Batsford 1986
  2. Winter, Edward. «5199. Lasker v Janowsky, Paris, 1909». chesshistory.com (på engelsk). Henta 28. desember 2009. «c) «Not a single contemporary magazine has been found that suggests the match was for the world crown.»»