V for Vendetta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjå filmen V for Vendetta for filmen med same namn.

V for Vendetta
Forfattar(ar)Alan Moore
IllustratørDavid Lloyd
Språkengelsk
ForlagQuality Comics og Vertigo Comics(DC Comics)
Lansert1982
Slutta1988
Status(1982-1988)

V for Vendetta er ein grafisk roman frå 1980-talet, skriven av Alan Moore og hovudsakleg illustrert av David Lloyd. Historia er sett til ei dystopisk framtid, der det fascistiske partiet Nosefire styrer Storbritannia. Den maskerte anarkisten V kjempar mot det totalitære regimet. Teikneserien blei til som ein protest mot Margaret Thatcher si regjering og utforskar eit mogeleg utfall truslar som atombomber kan ha på eit, i utgangspunktet, demokratisk samfunn.

Utgivingar[endre | endre wikiteksten]

Teikneserien hadde si spede byrjing i det engelske tegneseriebladet Warriors som vart utgitt av Quality Comics, der han blei utgitt sammanhengande frå 1982 til 1985. To bøker blei gitt ut i Warriors i denne perioden; "Vertigo" og "Vincent". Etter bok nummer to vart Warriors lagt ned, men 3 år seinare vart det som seinare skulle bli den siste boka, utgitt gjennom DC Comics i ein serie på ti månadlege publikasjonar. Serien vart i 1989 samla i eit hefte, som ein grafisk roman og utgjeven av DC Vertigo Imprint (ISBN 0-930289-52-8).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]