Vadmål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moderne vadmålsklede til sals i Sverige.

Vadmål er grovt, tjukt ulltøy, vove med doble trådar i varpet. Det er meir eller mindre valka eller stampa.

Vadmålsklede kan vera varme og ganske vind- og vasstette. Dei sveller ut når dei blir våte, og kan også impregnerast.

Sjøfarande viking med vadmålskufte på eit færøysk frimerke.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Vadmål vart svært mykje nytta i nordiske område i tidlagere tid. Det er funne slikt stoff allereie frå tidleg jernalder. Stoffet blei brukt til klede, sengeklede, til å dekka vegger med og til andre føremål, som segl, sekkar, telt og som tettemateriale i båtar.

Vadmål vart som regel laga av bondekonene sjølve av ull frå sauene på garden. I mellomalderen blei det handla inn vadmål til Noreg frå Island, Færøyane og Shetland.

I mellomalderen blei stoffet brukt som verdimål. I dei tidlegaste standariseringane er 6 alen vadmål lik 1 eyrir (øre).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]