Vadstena kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vadstena kommun
Vadstena vapen.svg
Kommunevåpenet til Vadstena kommun
Len Östergötland
Landskap Östergötland
Centralort Vadstena
Areal 413,33 km²
 – Landareal 181,91 km²
 – Vassareal 231,42 km²
Folketal 7 326
Folketettleik 40,14/km²
Kommunenummer 0584
Nettside www.vadstena.se
Kart
Vadstena Municipality in Östergötland County.png

Vadstena kommun ligg i det svenske länet Östergötlands län. Administrasjonssenter ligg i Vadstena.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Vadstena kommune har to tettstader. Innbyggjartalet i tabellen er per 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Vadstena 5 612
2. Borghamn 227

Vadstena kommune vart grunnlagt 1. januar 1971 gjennom samanslåinga med Hovs församling frå Folkunga landskommun. Blokk-kommunen vart ferdig 1. januar 1974 då Vadstena kommune vart ein del av Motala kommune. Samarbeidet i den nye kommunedanninga gjekk derimot dårleg og alt i 1980 vart Vadstena kommune igjen sjølvstendig, med to forsamlingar av Aska kommmune

Sentrale Vadstena

Vadstena kloster[endre | endre wikiteksten]

I Vadstena by, eit kultursentrum frå mellomalderen ligg òg Vadstena kloster planlagt og teikna av den heilage Birgitta og som vart innvigd i 1384. Klostret vart sterkt favorisert av kongehuset og vart ganske raskt det fremste andelege senteret i Sverige og den største jordeigaren i landet.

Den mannlege avdelinga til klosteret bestod til 1555 då brørne vart gjort anten til prester eller til leger. Den kvinnelege delen bestod til og med 1595 då dei siste medlemmane vart fordrivne til Polen av kong Karl IX.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vadstena kommun