Vaid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vaid
Vaid
Vaid
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Isatideae
Slekt: Isatis
Art: Vaid I. tinctoria
Vitskapleg namn
Isatis tinctoria

Vaid (Isatis tinctoria) er ei inntil 150 cm høg plante i krossblomfamilien med opphav på steppene i Vest-Asia og i Nord-Afrika. Planta har sidan antikken vore nytta til å farge ullgarn og ulltøy blått med. Ho vart difor innførd og dyrka i dei fleste landa i Europa, og har spreidd seg som villplante som fylgje av dette.

Botanisk illustrasjon av vaid.

Planta er toårig. Fyrste året gror det opp ein rosett av om lag 30 cm lange, pilforma hårete blad. Andre året kjem blomestanden, som kan verte inntil halvannan meter høg. Blomane er gule, og skulpene er avlange og hengjande. På den eine av dei to varietetane som veks i Noreg, vert skulpene svarte, på den andre ljose.

Vaidfrø

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Frø av vaid som vart funne i vikingskipet frå kvinnegrava på Oseberg i Vestfold kan tyde på at planta har vore dyrka og nytta til ullfarging i Noreg i vikingtida. To varietetar av vaid veks no i Noreg her og der, men er sjeldne.

I mellomalderen kunne vaid ha stor økonomisk verde som plantefarge, men vart seinare utkonkurrert av plantefargen indigo frå India, og frå slutten av 1800-talet har kunstige fargeemne overteke.

Dei fyrste arkeologiske spora i Europa etter vaid skriv seg frå yngre steinalder (neolittikum) frå ei grotte (grotte de l'Audoste) i området Bouches-du-Rhône sør i Frankrike. Frå jarnalderen har ein funne avtrykk av vaidfrø i keramikk i restar etter ein busetnad i Heuneburg i Tyskland, og på jarnaldergravplassane Hallstatt og Hohmichele er det funne tøy farga med vaid.

Romaren Julius Cæsar fortel i boka om gallarkrigane at britane farga og tatoverte kroppen ved hjelp av «vitrium», og denne utsegna har vorte tolka slik dei nytta eit blått fargestoff utvunne av vaid. Men då ordet «vitrium» ikkje kan omsetjast med «vaid», er det meir truleg at Cæsar meiner dei tatoverte seg ved hjelp av ein type grønblått glas som har vore vanleg på denne tida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vaid