Vaira Vīķe-Freiberga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vaira Vīķe-Freiberga (fødd 1. desember 1937) er ein latvisk politikar, og var president i Latvia frå juni 1999 til juli 2007. Ho var den første kvinnelege presidenten i Latvia.
Vīķe-Freiberga var fødd i Riga. Ho forlet Latvia som flyktning saman med familien i 1945 og vende attende i 1998. Då ho vart vald som president i 1999 hadde ho ikkje tilknytning til noko politisk parti. Ho vart gjenvald i 2003.
Vīķe-Freiberga vart i 2000 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.
| Føregjengar Guntis Ulmanis |
President i Latvia 1999–2007 |
Etterfylgjar Valdis Zatlers |