Vaju

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vaju ridande på hjorten sin. Thanjavur-måleri frå 1800-talet.

Vaju (sanskr. वायु, 'vind') er ein vedisk gud for lufta, vinden og pusten, og har dermed makt over livet. Vaju er også kjend under namna Vāta (वात, som òg tyder 'vind'), Prāna (प्राण, 'pust', 'liv'), og under tilnamnet Pavana (पवन, 'den reinsande').

I seinare hinduisme har han nesten heilt gått inn i skikkelsen til Indra. Berre nokre få hymner i Rigvedaen lovprisar Vaju, og i seinare mytologi er rolla hans blitt endå mindre. Han har likevel ei viktig stilling som faren til Hanuman og Bhisjma frå dei episke hovudverka i hinduismen, Ramayana og Mahabharata.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaju opptrer i Rigvedaen med Indra som vognføraren sin, eller saman med regnguden Pardjanja. Han dreg fram i ei forgylla vogn dregen av tusen raude hestar, og kviler aldri. Vaju kan òg ri på ein hjort. Han er verje for himmelretningen nordvest.

Guden er temperamentsfull, og gjev ofte etter for driftene sine. Han har mange barn med ulike kvinner, og er kjend for brutale handlingar.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Hymna Purusjasuktavaju fortel at Vaju blei til frå pusten til Purusja. I ei anna hymne er han nemnd som svigersonen til Tvasjtr.

I følgje Vishnupurana er Vaju konge av gandharvaene.

Bhagavatapurana fortel at vismannen Narada påkalla vinden for å øydeleggja fjellet Meru, og Vaju gjekk då til åtak med veldig kraft, slo fjelltoppen i havet, og skapte Sri Lanka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]