Val Gardena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Val Gardena (lilla) si plassering i Nord-Italia i forhold til dei andre ladinske dalane

Val Gardena (tysk Gröden; ladinsk Gherdëina) er ein dal i Trentino-Alto Adige nord i Italia. Han er ein av fem dalar i Dolomittane der majoriteten talar ladinsk. Dialekten av ladinsk som vert tala i denne dalen vert kalla gardenese på italiensk, grödnerisch på tysk og Val Gardena på ladinsk.

Val Gardena er ein austleg sidedeal til Isarcodalen og strekkjer seg oppover mot Sella i aust.

Landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Det er tre landsbyar i dalen:

Sport[endre | endre wikiteksten]

Val Gardena har eit ishockey-lag, HC Gherdeina, som spelar i italiensk Serie A2.

Carolina Kostner er ein kjend kunstløpar og søskenbarnet Isolde Kostner er ein kjend alpinkøyrar.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Dalen har stor turisttrafikk både sommar og vinter. Det er rundt 15 000 sengeplassar her og ein finn 84 skiheisar, 176 km med alpintløyper og 98 km med langrennsløyper. Om sommaren er det fjelltur som lokkar turistar til dalen. I 1970 vart alpin-VM arrangert her og det vert årleg arrangert verdscup i alpint.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°33′36″N 11°42′17″E

Kjelde[endre | endre wikiteksten]