Val Medel

Koordinatar: 46°38′00″N 8°50′00″E / 46.633328°N 8.83333°E / 46.633328; 8.83333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Val Medel nær Platta

Val Medel er ein sidedal på høgresida av Surselvadalen i Graubünden i Sveits. Dalen er kring 15 km lang og strekkjer seg frå Disentis (1100 moh) og sørover til han endar ved Lai da Sontga Maria-reservoar ved Lucmagnpasset (1906 moh). Det går ein veg gjennom dalen og over Lucmagnpasset til Ticino.

Dei nedre tre kilometrane i dalen dannar ei smal kløft, kalla Medelserschluch eller Las Ruinas, som opnar opp i den grøne og frodige Trogdalen ved landsbyen Curaglia.

Den einaste kommunen i dalen er Medel (Lucmagn), som består av mange landsbyar, grender og isolerte busetnader på begge sider av dalen. Den største og nordlegaste landsbyen er Curaglia.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

46°38′00″N 8°50′00″E / 46.633328°N 8.83333°E / 46.633328; 8.83333