Valdajhøgdene

Koordinatar: 57°00′N 33°30′E / 57.000°N 33.500°E / 57.000; 33.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Valdaihøgdene)
Frå Valdajhøgdene

Valdajhøgdene (russisk Валдайская возвышенность - Valdajskaja Vozvysjennost eller Валдай - Valdaj, latvisk Valdaja augstiene) er eit høgland nordvest i sentrale område av Russland. Området strekkjer seg frå nord til sør om lag midt mellom St. Petersburg og Moskva gjennom Novgorod, Tver, Pskov og Smolensk oblast.

Åsane er ei nordleg forlenging av Det sentralrussiske høglandet. Ryggen er dekt avleiringar frå tidlegare isbrear som endemorener og andre grusrestar. Valdajhøgdene er høgast nær Vysjny Volotsjiok med 346,9 moh.[1][2][3] Elvane Volga, Daugava (Vestre Dvina), Lovat, Msta, Dnepr og fleire andre har kjeldene sine i Valdaj. Her finst òg mange innsjøar som Volgo, Peno, Seliger, Brosno og Valdajsjøen.[4]

Valdajhøgdene er ein populær turistdestinasjon, særleg for fiske. Byane Ostasjkov and Valdaj er kjende historisek byar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Вышневолоцкий район
  2. Тверская Жизнь - Архив, arkivert frå originalen 29. januar 2008, henta 16. september 2008 
  3. Русская Венеция, arkivert frå originalen 22. juli 2012, henta 16. september 2008 
  4. Richard Brookes, William Darby (1827). Darby's Universal Gazetteer: Or, A New Geographical Dictionary. Original from the New York Public Library: Bennett & Walton. s. 837. 

57°00′N 33°30′E / 57.000°N 33.500°E / 57.000; 33.500