Valdemar Birgersson av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valdemar Birgersson av Sverige

Kong Valdemar på Skarakatedralen
Konge av Sverige
Periode1250-1275
Føddca. 1239
Død26. desember 1302
DødsstadNyköpingshus borg
MorIngeborg Eriksdotter
FarBirger jarl
EktefelleSofia Eriksdatter
BarnIngeborg, Marina, Richeza of Sweden, Queen of Poland, Katarina Valdemarsdotter of Sweden, Margareta Valdemarsdotter av Sverige, Erik Valdemarsson d.ä.
Våpenet til Valdemar Birgersson (1252)

Valdemar Birgersson (123926. desember 1302) var konge av Sverige 1250-1275 og son av Birger jarl og Ingeborg Eriksdotter av Sverige. Formelt kan ein faktisk seie at Valdemar var den aller fyrste kongen av Sverige, ettersom dei stridande smårika vart sameinte på Birger jarls tid. I 1260 vart Valdemar gift med Sofia Eriksdotter av Danmark.

Valdemar etterfølgde Erik den lespe og halte, onkelen på morssida, som konge i 1250, altså då han var berre sju år gamal. Farfaren var folkungen Magnus Minnesköld, som vart drepen i eit av slaga mot Sverkerätten. Farmora var Ingrid Ylva, som kanskje var sonedotter av Sverker den eldre. Morfaren var kong Erik Knutsson av Sverige og mormora var Rikissa av Danmark, dotter av Valdemar den store. Han vart krona i Linköping domkyrkje i 1251. Dei fyrste seksten åra var faren Birger jarl den faktiske regenten, og under hans styre vart dei såkalla fredslovene, som styrte heimefreden, kyrkjefreden, tingsfreden og kvinnefreden, innførte.

Dei to tronkrevjarane Filip Knutsson og Filip Magnusson gjorde opprør og samla ein blanda hær av nordmenn og tyske leigesoldatar, men tapte mot Birger jarl i slaget ved Herrvadsbro i Västmanland. Opprørarane og mange av dei tyske soldatane som overlevde, vart avretta.

Valdemar har etterlate seg få spor i si 25-årige regjeringstid, kanskje var det ikkje så lett å ta over etter ein far som hadde hatt total kontroll med riket. Han har vorte meir omtalt for sine amorøse affærar, og av desse er det berre ein som er dokumentert – den med svigerinna, prinsessa Jutta av Danmark. Med henne skal han ha fått ein son.

På grunn av dei utanomekteskaplege affærane sine, reiste Valdemar til Roma i 1274 for å gjere bot. Då han kom tilbake, fekk han problem med brørne sine. Det synest som om Valdemar har hatt ein arvetvist med broren Erik, som fekk støtte av stormannen Johan Filipsson. Valdemar fekk begge fengsla, men Erik greidde å flykte og fekk då støtte av broren Magnus. Denne hendinga førte vidare til eit opprør i 1275. Både Erik og Magnus fekk støtte og fekk til og med danske soldatar av kong Erik Klipping. I slaget ved Hova i Vestergøtland gjekk kong Valdemar på eit nederlag, og både han og dronninga, Sofia, flykta i all hast til Noreg der Magnus Lagabøte var konge. Valdemars eldre bror Magnus Birgersson, også kalla Magnus Ladulås, tok makta og vart vald til konge.

I 1277 fekk Valdemar overta heile Gøtaland mot at han måtte seie frå seg krava til kongekrona og godkjenne broren Magnus som overherre.

Valdemar vart seinare innblanda i stormannsopprøret som nesten styrta Magnus Ladulås frå trona. På grunn av dette vart landområdet teke frå han, han måtte på nytt seie frå seg alle krav til trona, og han vart utvist til Danmark der han vart verande i ni år. I 1284-1285 hadde han byen Malmö, der han igjen konspirerte mot trona. I 1288 sette kong Magnus han i fengsel i Nyköpingshus, offisielt var grunngjevinga at han ikkje var tilrekneleg og at han vakte forarging for det lettsindige leveviset sitt.

Valdemar døydde i 1302 på Nyköpingshus. Det er noko uklart kvar han vart gravlagd, anten i Vreta kloster, eller i Riddarholmkyrkja (også Gråmunkekyrkja har vort nemnd). Valdemar vart gift i Jönköping med Sofia Eriksdotter av Danmark (staden kan for øvrig også vere Öninge i Ödeshög, og i tillegg oppgjev Erikskrøniken Ymninge).

Born med Sofia av Danmark[endre | endre wikiteksten]

  1. Erik Valdemarsson (død 1261), gravlagd i Sigtuna
  2. Ingeborg Valdemarsdotter av Sverige (1261/1263-1290/1292)
  3. Erik Valdemarsson av Sverige (1271/1272-1330)
  4. Marina Valdemarsdotter av Sverige
  5. Rikissa Valdemarsdotter av Sverige, (død ca. 1292), dronning av Polen
  6. Katarina Valdemarsdotter av Sverige (-1283)
  7. Margareta Valdemarsdotter av Sverige

Valdemar hadde fleire namngjevne elskarinner, den fyrste var syster åt kona, Jutta av Danmark, og den siste heitte Lukardis; henne vart han truleg gift med.

Born med Jutta av Danmark[endre | endre wikiteksten]

Valdemar og Jutta skal ha fått ein son som så skal ha fått ei dotter som vart stammor til ætta Leijonhufvud, som i byrjinga nytta dei tre danske leopardane i våpenet sitt, men som seinare bytta til tre løvehovud. Fleire geneologiske forskarar tviler likevel på om denne sonen verkeleg har eksistert.