Valdemar Poulsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Valdemar Poulsen (fødd 23. november 1869 i København, død 23. juli 1942 i Gentofte) var ein dansk ingeniør og oppfinnar av bogegeneratoren og telegrafonen. Gjennom oppfinningane og dei kreative eksperimenta sine fekk han stor tyding for utbreiinga av radioen, utviklinga av bandopptakaren og Danmark si leiande stilling innanfor elektronikk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Han var son av høgsterettsdommar Jonas Nicolai Johannes Poulsen og hustru Rebekka Magdalene født Brandt. Han vart i 1894 gift med Frederikke Marie Rasmussen, som døydde i 1921, og i 1923 med Asta Stoltz Nielsen. Med den første hustrua si fekk han sonen, geologen Christian Henrik Otto Poulsen. Poulsen viste stor interesse for fysikk, kjemi og teikning i skulen. Allereie i skulen gjorde han forsøk med elektrostatiske apparat og induksjonsapparat.

Til gjengjeld var matematikk ikkje det beste faget hans, og skussmålet hans var ikkje det beste. Følgjeleg valde han å bli språkleg-historisk student og forlét i 1889 BorgerdydskolenChristianshavn som student med 1. karakter. Poulsen freista ei bokleg karriere med først å studere pedagogikk hos professor i filosofi Kristian Kroman (1846-1925), som han bestod med karakteren ug.

Deretter freista han å studere medisin i 1890. I staden følgde han med interesse blant anna professor Julius Thomsen (1826-1909) sine forelesningar i kjemi. Interessa for fysikk og kjemi vant til sist over medisinen.

Seinare same år freista Poulsen å kome inn på Polyteknisk Læreanstalt (det noverande Danmarks Tekniske Universitet), men bestod ikkje den matematiske opptaksprøven. I staden byrja han i lære på maskinfabrikken Frich's Efterfølgere i Århus, der han var fram til 1893, då han vart tilsett som ingeniørassistent ved Kjøbenhavns Telefon AktieSelskab, KTAS i den tekniske avdelinga. Avdelinga vart leia av matematikeren og telefoningeniøren dr.phil. J.L.W.V. Jensen (1859-1925). Poulsens sans for det eksperimenterande gjorde han raskt til leiar av feilavdelinga til telefonselskapet.

Telegrafonen[endre | endre wikiteksten]

Telegrafon

Under eksperimenta sine oppdaga Poulsen at viss han førde ein magnet rundt over ein stålplate, så vart mønstret huska i plata og kunne visast med jernfilspon. Vidare eksperiment avslørte at han òg kunne huske lydar som magnetisk kode. Dette førde til at den 1. desember 1898 søkte om patent på den elektromagnetiske telegrafon (Dansk patent nr 2653 av 31. oktober 1899), som kunne ta opp, huske og attgje lydar. Ifølgje ordlyden på patentsøknaden var apparatet blant anna tenkt som ein telefonsvarar. Han vart i praksis den viktigaste forløparen for bandopptakeren

Orda telegrafon er samansett av tele (fjern), grafi (skrift) og foni (lydar)

Bogegeneratoren[endre | endre wikiteksten]

I 1902 fann han saman med ingeniøren Peder Oluf Pedersen opp bogeneratoren (òg kalla lysbogesendar). Han revolusjonerte den trådlause telegrafien. Bogegeneratoren var særs utbreidd inntil oppfinninga av radiorøyret. Bogegeneratoren viste seg òg veleigna til å transmittere tale og musikk, då han sende ut kontinuerlege bølgjer med ein fast frekvens.

Lyngby Radio[endre | endre wikiteksten]

I 1917 overtok Post & Telegrafvæsenet Valdemar Poulsens og P.O. Pedersens forsøksstasjon nær Bagsværd Sø. Forsøksstasjonen vart i 1923 nytta til forsøk med spreiing av nyhende per radio. I dei følgjande åra fekk radioen gjennombrotet sitt i Danmark som massemedium, og stasjonen ved Bagsværd Sø vart seinare til den kjende Lyngby Radio.

Valdemar Poulsen fekk til dette, og dessutan dei fleste av forsøka med telegrafonen og lysbogesendaren og den første Lyngby Radio, framstelt det mekaniske på Oscar Clemmensens mekaniske verkstaden på Steen Winkelsvej like ved det gamle Radiohus på Rosenørns Allé. Den gamle fabrikkbygningen i tjærepapp står framleis i bakgarden til Steen Winkelsvej, der Oscar Clemmensen òg budde og der dei møttest for å gjennomføre forsøka og framstillinga.

Faget svakstraumselektronikk[endre | endre wikiteksten]

Den oppsamla kunnskapen og samarbeidet med P.O. Pedersen førde til at faget svakstraumselektronikk, som den første staden i verda vart oppretta på Polyteknisk Læreanstalt.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Valdemar Poulsen vart kommandør av 2. grad av Dannebrogordenen i 1923, av 1. grad i 1939 og fekk Fortjenstmedaljen i gull med krone 1913. Poulsen vart tildelt Videnskabernes Selskab]s gullmedalje 1907, han vart i 1909 æresdoktor ved universitetet i Leipzig og i 1914 medlem av Videnskabernes Selskab. Han vart i 1935 innvalt som utanlandsk medlem av Kungliga Ingenjörsvetenskapsakademien i Stockholm. Han ligg gravlagd på Gentofte Kyrkjegard.

Han er målt av Knud Larsen saman med P.O. Pedersen 1915 (Frederiksborgmuseet). Dessutan er han portrettert på P.S. Krøyer sitt måleri frå 1904 Industriens Mænd (Frederiksborgmuseet). Mosaikk av Einar Nielsen i Stærekassen 1939. Byste av Johannes Bjerg 1939 (Statsradiofonien). Tresnitt av H.C. Olsen 1907.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]