Valdensarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valendsar-symbol med mottoet «Lux lucet in tenebris» ('Lys lyser i mørkrrt').

Valdensarar var ei kristen rørsle før og under reformasjonen skipa av Petrus Valdés om lag 1173. Rørsla byrja som eit religiøst samfunn under leiing av kjøpmannen Petrus Valdés frå Lyon. Dei fyrste valdensarane breidde seg over Frankrike, Italia, Sveits og Sør-Tyskland, overalt utsette for forfylgingar. Valdensarane slutta seg seinare til reformasjonen. Valdensarane er i dag eit høvesvis lite kyrkjesamfunn, som har senteret sitt i Piemonte i Italia - i alpedalane vest for Torino. Etter utvandring frå Italia er det òg valdensiske forsamlingar i Sør-Amerika, i Uruguay og Argentina er det i dag kring 15 000 valdensarar.

Valdés stod høgt som kjøpmann i byen. Ein dag han var saman med venene sine, vart ein av dei trefte av lynet, og døydde momentant. Dette skaka han, og han byrja å søkja Gud. No byrja han å dela ut formuen sin til dei fattige i byen.

Valdés sytte for at evangelia og salmane vart omsette til folkespråket provencalsk. Utrusta med desse omsetjingane la han ut på vandring for å forkynna evangeliet for alle han møtte og kom til.

Han fekk løyve frå den katolske kyrkja til å forkynna, berre det han sa ikkje var i strid med ynska til prestane. Ganske snart vart det tydeleg at han ikkje oppfylte dette kravet. Han vart offisielt ekskommunisert frå kyrkja i 1184. Valdés og medarbeidarane hans gav seg ikkje, og dei opplevde stor interesse. Då dei til sist vart forviste frå området, drog dei til Alpane. Derifrå kom læra deira til å breia seg ut over store delar av Europa. Valdés drog til slutt til Böhmen, og heldt seg der til han døydde.

Fordi fleire skrifter vart brende under forfylgingane er kunnskapen om valdensisk tru og livsførsel lite kjend. Men læra deira vekte stor interesse, og nokre stader vart heile landsbyar interesserte i forkynningane deira. Valdensarane møttest ofte i låvar eller på annan måte under enkle tilhøve. Dei tok ikkje del i krigføring. Dei la vekt på bibellesing og bibelkunnskap, forkynning om Den heilage ande, Jesu attkome og Guds reine ord. Dei forkasta dei fleste av sakramenta til katolikkane. Nokre kjelder opplyser at dei praktiserte bøn og salving for sjuke, og at nokre av dei heldt sabbaten. Dei skal òg ha praktisert dåp av truande.

Seinare utvikla dei seg likevel bort frå dei opphavlege særeigenskapane sine. Nokre av dei byrja på nytt å praktisera fleire katolske ritar.

Forfylginga frå den katolske kyrkja stoppa ikkje. Presset mot dei vart forsterka i og med skipinga av inkvisisjonen i 1231. Likevel heldt dei fram med å eksistera opp igjennom tida fram til reformasjonen. På eit tidspunkt busette mange valdensarar og protestantiske immigrantar seg i Provence. Dette førte til Mérindom-ediktet og ein fælsleg massakre av innbyggjarane i fleire landsbyar i 1548.

Etter kvart hadde mange av dei knytt band til reformasjonskyrkjene i Sveits og Frankrike. På ein synode 1532 vedtok dei ei truvedkjenning og kyrkjeordning av kalvinistisk type. Det vart danna kyrkjer, og fleire av dei eksisterer den dag i dag. Nokre av dei mest kjende kyrkjene finst i Italia, der dei driv ein teologiskule i Firenze.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]