Valdis Dombrovskis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Photo of Prime Minister of Latvia, Valdis Dombrovskis

Valdis Dombrovskis (fødd 5. august 1971) er ein latvisk politikar og statsminister i Latvia frå 12. mars 2009. Han er medlem i det konservative partiet Jaunais laiks (Ny æra).

Dombrovskis vart fødd i Riga i det dåverande Sovjetunionen. Han studerte ved fakultetet for fysikk og matematikk ved Universitetet i Latvia i Riga. Han tok bachelorgrad i økonomi for ingeniørar ved Riga teknologiske universitet i 1995 og mastergrad i fysikk frå Universitetet i Latvia i 1996. 1995-1996 var han laborant ved fysisk institutt ved Universitetet i Mainz i Tyskland, ved Universitetet i Riga i 1997 og som forskingsassistent ved fakultetet for elektronikk ved Universitetet i Maryland i USA i 1998. 1998-2002 jobba han i den latviske nasjonalbanken som sjeføkonom.

Dombrovskis har vore styremedlem i partiet Ny æra sidan 2002. Han har vore parlamentsmedlem i Latvia sidan 2002 og medlem av Europaparlamentet sidan Latvia vart med i EU i 2004. 2002-2004 var han finansminister i Latvia.

Etter at Ivars Godmanis søkte avskjed som statsminister 26. februar 2009 grunna handteringa av den internasjonale finanskrisa, fekk Dombrovskis i oppdrag å skipa ny regjering i Latvia. Regjeringa vart godkjent av parlamentet 12. mars og er ein brei sentrum-høgre-koalisjon av fem parti, inkludert dei tre største partia ved parlamentsvalet, i 2006. Dombrovskis sitt parti er det tredje største av dei. Som 37-åring vart Dombrovskis den yngste statsministeren i Europa då han overtok stillinga.

Dombrovskis uttalte då han vart statsminister, at den viktigaste oppgåva som venta han var å kutta i budsjettet. Han åtvara om at Latvia var på randen av konkurs, og at det måtte gjerast budsjettkutt på over 700 millionar lat (1 milliard US-dollar).[1]