Valdtekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Sarah Woodcock forcibly introduced to Lord Baltimore». Illustrasjon til ein valdtektssak frå England som enda med frifinning av dei tiltalte.[1]

Valdtekt eller voldtekt er ei form for seksuelt overgrep som går ut på å tvinga nokon til å ha kjønnsleg omgang. Mange typar valdtek blir rekna som brotsverk i ulike kulturar, men kva som er definert som valdtekt kan variera. Det finst ingen internasjonal konsensus på kva eksakt ein valdtekt er av di ulike land har ulike lovverk og definisjonar på kva ein valdtekt inneber. Mange jurisdiksjonar definerer det som seksuell penetrering (til dømes samleie) utan at den som blir penetrert har gjeve samtykke.[2] I nokre land, mellom anna Noreg, er definisjonen vidare og omfattar fleire former for tvungen kjønnsleg omgang, og omfattar overgrep frå og mot begge kjønn. Andre land kan ha ein snevrare definisjon av valdtekt som berre omfattar tvunge vaginalt samleie, slik at berre kvinner kan reknast som valdtekne, og berre menn som valdtektsforbrytarar.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Det er vanleg å dele valdtekt inn i to kategoriar, overfallsvaldtekt og relasjonsvaldtekt. Fleirtalet av alle valdtekter er relasjonsvaldtekt[3]

Valdtekt i norsk lovverk[endre | endre wikiteksten]

Valdtekt er definert i Straffeloven, Kapittel 19, § 191. Brotsverket er der definert som det å skaffa seg seksuell omgang ved vald eller trugande åtferd, seksuell omgang med nokon som ikkje er ved medvit eller ikkje er i stand til å motsetja seg det av ein annan grunn, eller at ein bruker vald eller trugande åtferd til å få nokon til å ha seksuell omgang med andre eller utføra seksuelle handlinga med seg sjølv. Strafferamma for dette er 10 år. Minstestraffa er 3 år dersom handlinga var samleie eller valdtektsforbrytaren sjølv framkalte ein medvitslaus eller liknande tilstand. Strafferamma er 21 år for valdtekt utført av fleire saman, valdtekt utført på ein særs smertefull eller krenkande måte, eller valdtekt som medfører død eller betydeleg lekams- eller helseskade. Eit døme på dette er påføring av ein farleg kjønnssjukdom.[4]

Fornærma i valdtektssaker har rett til fri advokathjelp. Advokaten skal ta vare på interessene til den fornærma i samband med etterforskinga og hovudforhandlinga ved domstolen frå tilhøvet er meld til politiet.[5]

Andre land[endre | endre wikiteksten]

USA[endre | endre wikiteksten]

Nesten 90 000 menneske meldte at dei var blitt valdtekne i USA i 2008. Berre rundt 25 % av tilfella endar i ein arrest.[6] Landet har ingen nasjonal overodna konsensus på kva ein valdtekt er, men har i staden ulike juridiske definisjonar i dei ulike statane.

Japan[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
For meir om dette emnet, sjå Valdtekt i Japan.

I 2008 var det 1582 meldte valdtekter i japan, 1326 oppklarte sakar og det vart gjord 951 arrestasjoner i forbinding med dette. Japans valdtektsstatistikk er 20 gonger lavare enn usa[7] og har eit rettsapparat der over 99% av alle kriminelle sakar i retten endar i ei domfelling[8]. I japan er valdtekt rekna for å vere eit seksuelt motivert lovbrot.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Valdtekt
  • dixi.no - Ressurssenter for valdtekne

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Newgate Calendar 1758
  2. Smith, ed. by Merril D. (2004). Encyclopedia of rape (1. publ. ed.). Westport, Conn. [u.a.]: Greenwood Press. ss. 169–170. ISBN 9780313326875. 
  3. Barne-, likestilling og inkluderingsdepartementet: Politikk for likestilling: 14.4. Voldtekt
  4. «19. kapittel. Seksualforbrytelser», LOV 1902-05-22 nr 10: Almindelig borgerlig Straffelov (Straffeloven)., http://www.lovdata.no/all/hl-19020522-010.html#map023 
  5. «voldtekt», Store norske leksikon, http://snl.no/voldtekt, henta 2011-10-02 
  6. Exclusive: Rape in America: Justice Denied, 9 November 2009, http://www.cbsnews.com/stories/2009/11/09/cbsnews_investigates/main5590118.shtml?tag=contentMain;contentBody 
  7. Crisis intervention center.
  8. Ramseyer,J. Mark and Rasmusen,Eric B.(2001), 'Why Is the Japanese Conviction Rate So High?' The Journal of Legal Studies, Vol. 30, No. 1 (January 2001), pp. 53-88
Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.