Valenciabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valenciabukta ligg i Middelhavet

Valenciabukta (spansk Golfo de Valencia) er ei bukt vest i Middelhavet på austkysten av Spania, med Cabo de la Nao som den sørlege grensa. Den nordlege grensa er meir uklår, men vert stundom rekna som anten neset ved Vinaròs eller Ebrodeltaet. Opp til Vinaròs dekkjer bukta heile kysten av regionen Valencia og opp til Ebro òg dei sørlegaste områda av Catalonia. Nullmeridianen går gjennom bukta.

Dei vesle Columbretesøyane ligg i denne bukta.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kysten langs Valenciabukta består for det meste av sletter og sand. Kystmyrer (hovudsakleg Albufera) finst her òg. På dei lågtliggande, frodige slettene vert det dyrka ris og sitrustre som appelsin og sitron.

Kysten av Valenciabukta er tett folkesett og har ein av dei høgaste folketettleikane i Spania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 39°55′0″ N 0°0′0″ E