Valentia

Koordinatar: 51°54′N 10°21′W / 51.900°N 10.350°W / 51.900; -10.350
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valentia
Lokalt namn Dairbhre
Nordsida av Valentia med Dinglebukta i bakgrunnen
Nordsida av Valentia med Dinglebukta i bakgrunnen
Geografi
Valentia is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 51°54′N 10°21′W / 51.900°N 10.350°W / 51.900; -10.350

Høgaste punkt Little Skellig (134 moh.)

Administrasjon
Land Republikken Irland
Grevskap Kerry

Demografi
Folketal 650

Valentia (irsk Dairbhre) er ei øy utanfor halvøya Iveragh sørvest for County Kerry i Republikken Irland. Ho har fastlandssamband over ei bru ved Portmagee, og via ei ferje som går frå Reenard Point til Knightstown, sentrumet på øya. Øya har 650 innbyggjarar, er om lag 11 km lang og 3 km brei.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Telegraph Field på Valentia: Foilhommerum er staden der den første permanente kommunikasjonskabelen mellom Europa og Amerika gjekk i land. I oktober 2002 vart det reist eit minnesmerke på staden.

Valentia var den austlege terminalen for den første transatlantiske telegrafkabelen. Det første forsøket i 1857 gjekk ikkje bra. Etter fleire feilforsøk i 1858 og 1865 klarte ein til slutt å få til telegrafkommunikasjon i 1866, som opererte i hundre år fram til kabelen vart lagt ned i 1966.

I 1993 vart det oppdaga fossil av fotefaret til eit firbeint dyr. Fotefaret, som er om lag 385 millionar år gamalt, var av eit primitivt virveldyr som gjekk langs ei gjørmete kystlinje i eit ekvatorialt sumpområde. Avtrykket vart bevart ved at dei vart dekte av slam, som i løpet av lang tid så vart forsteina. Spora på Valentia er av dei eldste teikna ein har frå virvellause dyr på land og har i etterkant vorte kraftig utforska.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]