Valentin Serov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1880-åra

Valentin Aleksandrovitsj Serov (russisk: Валентин Александрович Серов), (19. januar 18655. desember 1911) var ein russisk kunstmålar, grafikar og portrettmålar. Han vert rekna som representant for dei russiske jugendstilmålarane.

Yngre år[endre | endre wikiteksten]

Han voks opp i ein kunstnarfamilie i St. Petersburg, både faren Aleksandr Serov og mora var komponistar. Etter Valentin i ei kortare tid hadde gått på gymnaset, fekk han rettleiing i teikning og måling av Ilja Repin i åra 1878 og 1879, i både Paris og i Moskva. I tida mellom 1880 og 1885 gjekk han i lære på St. Petersburg kunstakademi i heimbyen, hos Pavel Tsjistjakov. Repin og Tsjistjakov hadde vedvarande innverknad på hans tidlege verk. Større påverknad på hans kunst kom likevel gjennom verk av dei gamle meistrane, som Serov lærte å kjenne på museum i Russland og Vest-Europa. Han forlet akademiet med ein sølvmedalje og tok til å arbeide som sjølvstendig kunstmålar.

Eit av Serovs fremste verk i hans tidlege kunstnarår var Jenta med fersknar (Девочка с персиками) (1887), som i dag er utstilt i Tretjakovgalleriet i Moskva. Dette biletet er eit av dei tidlegaste russiske impresjonist-verka.

Jenta med fersknar, 1887

Portrettmåling[endre | endre wikiteksten]

Frå 1890 av vende Serov hovudmerksemda mot måling av portrett. I dei komande åra måla han mange samtidige landsmenn. Han var særleg interessert i skodespelarar, kunstmålarar og forfattarar. Mellom dei ein finn portrett av er til dømes Isaak Levitan (1893), Nikolaj Leskov (1894) samt Nikolaj Rimskij-Korsakov, som han portretterte i 1898. Desse portretta er i dag utstilte i Tretjakovgalleriet.

I 1894 vart Serov med i Peredvizjnikij-rørsla. Omkring den tid byrja han i større grad å måle familieportrett, hovudsakleg av born og kvinner. Gjennom sine barneportrett prøvde han å fange det spontane og likeframme i augneblinken. Han søkte å oppnå dette ved å framheve mimikk og posering. Framifrå døme på dette ser ein i portrettet Born (Дети) frå året 1899, samt i Mika Morosov (Мика Морозов), måla i 1901.

I tida frå 1890 til byrjinga av det 20. hundreåret laga Serov også mange landskapsmåleri. Han underviste i åra frå 1897 til 1909 ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur.

Maria Jermolova, 1905

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Etter hundreårsskiftet konsentrerte Serov seg enno meir om portrettmåling. Han skapte i 1904 eit portrett av Maksim Gorkij som i dag er å sjå i Gorkij-museet i Moskva. Eit portrett av Maria Jermolova, samt ei kolteikning av Fjodor Sjaljapin viser drag av meir dramatisering i personskildringane.

I sine seinare kunstnarår varierte Serov med ulike måleteknikkar, her under vassfargar, pastellfargar, litografi mm. Gjennom desse teknikkane vart forma på portretta meir og meir forfina. Dette kjem klarast fram i portretta av Vasilij Katsjalov og Tamara Karsavina, og i talrike figurar henta frå Ivan Krylov sine fablar. Desse verka vart til i åra 1908 til 1911.

I sine siste leveår vigde han seg elles til framstillingar av tema frå klassisk mytologi.

Han døydde i Moskva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Valentin Serov