Valentin Sibbern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valentin Sibbern
none  Portrett av Valentin Sibbern frå Eidsvoll 1814. Ukjent kunstnar.
Portrett av Valentin Sibbern frå Eidsvoll 1814. Ukjent kunstnar.
Fødd 9. september 1779
Rygge i Østfold
Død 1. januar 1853 (73 år)
Rygge i Østfold
Parti Sjølvstendepartiet[1]
Yrke Offiser, jurist, amtmann og statsråd
1. verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1814, 1815-1817, 1818-1820, 1821-1823 og 1824-1826[2]
3. verv Stiftamtmann i Akershus
 - periode 1822-1830
4. verv Statsråd i fleire departement
 - periode 1830-1850[2]

Valentin Christian Wilhelm Sibbern (9. september 17791. januar 1853) var ein offiser, eidsvollsmann, embetsmann og statsråd frå Rygge i Østfold.

Sibbern var fødd på Værne kloster i Rygge. Han kom i 1793 inn på landkadettakademiet i København, og vart i 1796 utnemnd til sekondløytnant. Etter faren døydde same året budde han på familieeigedomen Værne kloster, som han overtok i 1800. Under eit opphald i København i 1801 tok han dansk juridisk eksamen.

Sibern vart rittmeister i 1809 og samstundes sjef for Rakkestad kompani. I 1812 vart han major i akershusiske ridende Jægerkorps.

1814 vart han vald til representant ved riksforsamlinga for jegerkorpset og for Smaalenenes amt, og vart ved fullmaktsprøvinga rekna som utsending for fyrstnemnde. På Eidsvoll var han ei tid mistenkt for å helle til grev Wedels parti, men var fyrst og fremst ein tilhengar av Kristian Frederik. Han møtte også på det overordentlege storting 1814, som representant for den del av Smaalenenes amt som ikkje var okkupert av svenske troppar.

28. november 1814 vart han utnemnd til amtmann i Smaalenenes amt. Ni år seinare, 1823, vart han utnemnd til stiftsamtmann over Akershus stift, og til amtmann over Akershus amt. Inntil vidare skulle han halde fram som amtmann i Smaalenenes amt.

Sibbern vart vald til stortingsrepresentant for Smaalenenes amt til stortinga 1815-16, 1818, 1821 og 1822, og for Christiania til stortinget 1824. I åra 1818, 1821, 1822, 1824 var han president i stortinget og i lagtinget. Han var dessutan president i riksretten 1821. Elles var han formann for ei rekke stortingskomitear.

Både i 1828 og 1841 fekk Sibbern tilbod om å overta posten som norsk statsminister i Stockholm, avslo begge gongane. Derimot tok han 1830 imot tilbodet om å gå inn i regjeringa som statsråd, og var med i denne inntil han fekk avskjed i 1850. Som statsråd styrte han dels revisjonsdepartementet, dels justis-, dels armé-, dels marine- og dels finansdepartementet.

Frå 1850 til han døydde budde Sibbern i Rygge.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Sibbern var innehavar av St. Olavs Orden, Sverdordenen og Nordstjerneordenen. [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]